Frp-Djuvik ber Bolstad trekkje seg

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Frp.

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Frp. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

To dagar før helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen (Ap) vitjar Førde sentralsjukehus, ber fylkesleiaren i Frp Helse Førde-direktøren om å trekkje seg. Tillitsvalde ved helseføretaket er av ei anna oppfatning.

DEL

I ein serie reportasjar på NRK Sogn og Fjordane har Bolstad sin leiarstilt fått gjennomgå frå tidlegare og noverande tilsette. Anten kritikken som er komen fram er korrekt eller ikkje - må Bolstad vurdere stillinga si, meiner Djuvik.

– På bakgrunn av Bolstad sin manglande tillit hos dei tilsette i føretaket, kan ikkje Bolstad vere den som skal gjennomføre strategiprosessen som Helse Førde skal gjennom i tida som kjem, skriv Frp-leiaren på sin på fylkesleiarblogg.

Stiller spørsmål ved tilliten

"Eg kan ikkje verken bekrefte eller avkrefte korleis Bolstad sin leiarstil er. Eg kan ikkje kalle verken tillitsvalgte, legar, politikarar, styreleiar, Bolstad sjølv, eller kjøkkensjefen for løgnarar. Ofte vil det i slike saker være auge som ser, og korleis kvar enkelt oppfattar den enkelte situasjonen som vert avgjerande i korleis inntrykk som festar seg. Så på den måten kan det være at alle har rett, og alle har feil.

Men for meg er det eit heilt anna spørsmål, enn om kven som har rett om Bolstad sin leiarstil, som no er avgjerande. Og det er Bolstad sin tillit i Helse Førde? Eg tenkjer då ikkje på tilliten frå styret eller leiargruppa i føretaket, men eg tenkjer på tilliten hos dei ansatte.", skriv Djuvik.

Støttar Bolstad

Mens Frp-leiaren i fylket krev direktøren sin avgang, slår fleire tillitsvalde i Helse Førde no ring rundt sjefen.

I eit ope brev til styra i Helse Førde og Helse Vest, med kopi til redaksjonane i Sogn og Fjordane, tek 11 tillitsvalde avstand frå det dei kallar einsidig framstilling gjennom NRK Sogn og Fjordane.

"Viser til de saker som har versert i NRK de siste to dager. På grunn av en særs ensidig fremstilling av administrasjonen i Helse-Førde velger vi å komme med et innspill fra tillitsvalgtapparatet.

Foretakstillitsvalgte for Delta, NITO, Utdanningsforbundet, NFF, NETF, Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Samfunnsviterne, Legeforeningen samt Foretakshovedverneombud har vært inkludert og hørt i de prosesser som har vært gjennomført i foretaket de senere år. Vi har ikke opplevd å bli båndlagt eller fått insinuasjoner om slikt ved kontroversielle saker. Vi kjenner oss ikke igjen i beskrivelsen av administrasjonen gjennom media.", skriv dei tillitsvalde.

Artikkeltags