Gå til sidens hovedinnhold

Front mot front i Erdalen

Artikkelen er over 10 år gammel

Mann (78) til Haukeland etter ulykke

Klokka 20.50 laurdag opplyser AMK at ein 78 år gammal mann får intensiv behandling i Førde, men vil bli send til Haukeland universitetssjukehus i Bergen, etter frontkollisjonen i Erdalen i 17.30-tida.

Ei 60 år gammal kvinne ligg alvorleg skadd på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Tilstanden til kvinna skal vere stabil, opplyser AMK laurdag.

Søndag ettermiddag karakteriserer legane i Førde kvinna som lettare skadd.

Fire pasientar har blitt registrerte på den vanlege legevakta etter ulykka.

I 19-tida opplyste politiet at to personar er sende til sjukehus med alvorlege skadar, etter ein front mot front kollisjon på rv. 5 i Erdalen i Førde. Også fleire andre er sende til sjekk, opplyser politiet, utan å ha fullt oversyn over skadeomfanget.

Ulykka skjedde like før klokka 17.30, og både ambulansar, politi og brannvesenet rykte ut.

Store materielle skadar

Ingen sit fast i bilane, men vegen er stengd og det er kø på begge sider av ulykkesstaden i 18-tida. Lit etter kl. 18 er dei første bilane sleppte fordi, men det er manuell dirigering av trafikken.

Bilane har store skadar i fronten, spesielt er den eine ramponert. Bilen som kom frå Førde, har blitt ståande i venstre fil.

Ulykka skjedde på rv. 5 litt innanfor oljetankane i Erdalen.

Vegbana er fuktig på ulykkesstaden, men ikkje spesielt glatt.

Over på feil side

I følgje eit vitne var det ein eldre førar i eine bilen som kom over på feil side.

Først skal han ha vore borti ein møtande bil som køyrde austover, men føraren av denne skal ha greidd å komme seg unna utan store skadar. I denne bilen var det fleire passasjerar.

Så skal bilen som kom vestover ha kollidert med den neste bilen, som hadde førar og ein passasjer.

Klokka 19.20 kunne ikkje AMK opplyse noko om tilstanden til pasientane.

firda.no vil oppdatere saka