Framtidsretta forsking på Sandane

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Nakkeslengpasientar skal få tilrettelagt behandling. Eit forskingsprosjekt skal i gong ved Firda fysikalsk-medisinsk senter (FFMS) for å klargjere effekten av senterets behandling av nakkeslengskader.

DEL

Medan resten av det offentlige helsevesenet har gitt opp nakkeslengpasientar kan dei reise til Sandane og få behandling av manuellterapeut Bertel Rune Kaale ved FFMS. Han har forska på denne typen nakkeskader i 12 år og tilbyr ei skreddarsydd behandling som har hjelpt mange tilbake til eit normalt liv.

Kostbart

Per i dag må pasientar ved klinikken dekke reise og opphald sjølv fordi Rikstrygdeverket berre dekkar reisa til næraste manuellterapeut. Med resultatet frå prosjektet som grunnlag ynskjer helsemyndigheitene no å legge tilrette ei behandling for denne pasientgruppa.

Forskingsprosjektet har som mål å dokumentere effekten av behandlinga, og er nødvendig fordi Kaale er i ferd med å ta doktorgrad i diagnostisering av nakkeslengskader, ikkje i behandling av det.

Prosjektet er rekna til ein prislapp på 10 millioner kroner over ein periode på 3,5 år.

Artikkeltags