Frå teater til kyrkje

No blir den gamle teaterbåten kyrkje og kulturscene i Drøbak.

No blir den gamle teaterbåten kyrkje og kulturscene i Drøbak. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Ektepar vann bodrunda og har fleire planer for teaterbåten «Innvik»

DEL

Folk var ikkje seine å be då teaterbåten «Innvik» nyleg blei lagt ut for sal.

Hotell og verkstad i fylket interesserte

– Mellom 25- 30 tok kontakt med oss, fleire av dei frå Sogn og Fjordane, fortel Jarl Solberg, administrativ leiar i Nordic Black Theatre som har eigd båten dei ni siste åra.

Les også: Kan bli din for 200. 000 kroner

Eit hotell i fylket var interesserte i å kjøpe «Innvik» og nytte den til å utvide drifta, medan ein annan interessent ville bruke den som verkstad.

Men ingen av desse gjekk av med sigeren, for etter ei bodrunde med 4–5 personar, stakk til slutt eit ektepar frå Drøbak av med båten til den nette sum av 300.000 kroner.

Kyrkje og kulturscene

– Ekteparet har ingen hotellambisjonar, men vil nytte båten som ei fleirbrukskyrkje og ei kulturscene. Båten vil liggje ved hamn i Drøbak, seier Solberg som er glad for at båten framleis vil vere ein kulturarena.

Dei siste ni åra har «Innvik» lege til kai ved hamnelageret like ved operaen i Bjørvika i Oslo. Her har den fungert som kafé, overnattingsstad og teaterscene for Nordic Black Theatre. Før den tid, frå 1982- 2001, var den ombygde bilferja teaterbåt i vårt eige fylke og nabofylka.

Grunna strengare krav til drifta, såg teateret i Oslo seg nøydde til å selje båten, som dei ville ha minst 200.000 kroner for.

Viktig for Oslo

Om ingen hadde vore interesserte i å kjøpe, hadde alternativet vore å sende den til opphogging.

– Men vi er sjølvsagt veldig glade for at båten no blir nytta på den måten den skal. Det gir oss litt fred i sjela, fortel Solberg, men legg til at det er vemodig.

– Innvik har vore viktig for oss, men den har verkeleg blitt ein del av Oslofolk sitt hjarte også, seier han og viser til at det har vore 1500 utstillingar og konsertar, 100.000 besøkjande og 30.000 overnattingsgjester om bord.

Vi har ikkje gløymd teaterbåten

Sjølv om teaterbåten har lege til hamn i Oslo i mange år, har ikkje folk frå fylket gløymd «Innvik»

– På hotelldelen av skipet vårt har vi ofte hatt folk frå Sogn og Fjordane som har overnatta der, fortel Solberg til firda.no og legg til at han håper at det vil komme fleire teaterbåtar.

Artikkeltags