Frå nei til gruve-ja

Førde-benken på fylkesårsmøtet støtta resolusjonsforslaget frå Naustdal Høgre om gruvedrift på Engebø. F.v. Christina Kvamme, Bodil Kidøy Lunde, Haral O. Aamot, Bjørn Nordberg og Tore Fossen.

Førde-benken på fylkesårsmøtet støtta resolusjonsforslaget frå Naustdal Høgre om gruvedrift på Engebø. F.v. Christina Kvamme, Bodil Kidøy Lunde, Haral O. Aamot, Bjørn Nordberg og Tore Fossen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Meiner deponi er miljømessig forsvarleg.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- Saka er blitt meir utgreidd, vi har fått meir kunnskap, og eg føler vi har mindre grunn til å vere bombastiske i dag.

Slik forklarar ordførar Olve Grotle Førde Høgre sin snuoperasjonen i gruvesaka. I 2010 røysta lokalpartiet i lag med resten av Førde bystyre som opna for ei berekraftig og miljømessig gruvedrift på Engebø, men sa bastant nei til fjorddeponi. På fylkesårsmøtet i helga slutta Førde-representantane seg til resolusjonen som pressar på for å starte gruvedrift og deponere avgangsmassane i fjorden.

Forsvarleg

– Er dagens Førde Høgre villig til å ta større sjansar med miljøet enn Høgre anno 2010?

– Eg tykkjer dette framleis er ei vanskeleg sak, men utgreiingane som har komme sidan 2010, og særleg konklusjonane til Næringsdepartementet som legg til grunn at det er miljømessig forsvarleg med ei fylling opp til 220 meter, gjer at vi meiner miljøomsyna er tekne i vare. Vi legg til grunn at kontrollregimet det blir lagt opp til i fjorden, skal følgast, understrekar Grotle.

Han trekkjer også fram at ein i løpet av desse åra har fått vite meir om mineralnæringa og utviklingspotensialet som ligg i gruvedrifta på Engebø. Særleg peikar han på at SINTEF-rapporten dreg opp eit veldig positivt bilde knytt til Engebøprosjektet og ringverknader for heile distriktet.

– Sogn og Fjordane har stadig større utfordringar når det gjeld sentralisering. Vi ser det til dømes med 110-sentralen i Florø at fylket misser oppgåver til større stader. Det fortel meg at det er viktig å satse på dei ressursane og konkurransefortrinna vi har, og her kan mineral spele ei viktig rolle, seier Grotle.

Går å kombinere

– Når tunge fagetatar åtvarar mot fjorddeponi, bør ikkje då føre var-prinsippet gjelde?

– Eg forstår og respekterer dei som har eit veldig sterkt prinsipielt standpunkt til dette, men sjølv har eg gjennom desse to-tre åra fått ein meir nyansert syn. Eg trur det er mogleg å drive næring og samtidig ta vare på miljøet. Når Næringsdepartementet går god for ei oppfylling til 220 meter i fjorden, så føler vi oss trygge på miljøbiten. Det skal skje ei overvaking i fjorden, der vi må ha tillit til at miljøstyresmaktene gjer jobben sin,.

– Vil du no ha eitt standpunkt som ordførar og eitt som Høgremedlem?

– Eg må som ordførar halde meg til det vedtaket som Førde bystyre gjorde i 2010. Kommunen er ikkje beden om å komme med ei ny fråsegn, poengterer Olve Grotle.

– Eg er veldig skuffa over Førde Høgre som snur i Engebø-saka, seier fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Lin Hjelmeland.

- Skuffa

– Førdefjorden er ikkje berre Naustdal sin fjord, det er også Askvoll og Førde sin. Desse kommunane burde vore tekne sterkare med i saksbehandlinga. Nordic Mining har vore heldige som berre treng halde seg til ein liten vertskommune som Naustdal, seier Hjelmeland. Ho meiner det ikkje har skjedd noko som forsvarar at Høgre snur.

– Faglege innspel gjer at miljøperspektivet står sterkare no enn for to-tre år sidan. Ho tykkjer det er spesielt at Høgre som har utsett standpunktet sitt i lang tid, no brått pressar så hardt på.

– Det er sjølvmotseiande å hevde at ein skal ta omsyn til miljøet, men samtidig krevje ei rask utbygging, seier Hjelmeland.

Artikkeltags