Gå til sidens hovedinnhold

Frå Helse Førde til Firda

Artikkelen er over 13 år gammel

Informasjonssjef Vidar Vie er tilsett i stillinga som nyheits- og reportasjesjef i Firda, medan produksjonssjef Yngve Årdal tek over som redaksjonssjef i mediebedrifta.

Firda har i desse dagar tilsett to nye sjefar i mediehuset etter at dei to førre valde å søkje nye utfordringar i same bedrift.

Ny aviskvardag

Vidar Vie kjem frå stillinga som informasjonssjef i Helse Førde.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på jobben, det blir spennande å vere med å lage avis att, seier Vie som starta journalistkarrieren i Firda som 22-åring.

Han var i avisa frå 1987 til 1995 før han tok til i NRK Sogn og Fjordane, der han jobba i ti år. Når han i august månad tek til i jobben og overtek etter Sigurd Løseth, er det med ambisjonar om å vere med på å markere avisa som nyheitsberande medium i Sogn og Fjordane.

– Eg gler seg aller mest til å få ut dei store nyhenda til Firda sine lesarar, nyhendejegeren sit sterkt i meg, seier førdianaren, som innrømmer at det blir spennande å ta fatt på avisbransjen att.

– For meg blir det ein heilt ny kvardag å komme inn i avisverda att. Sist gong eg var inne i Firda, eksisterte til dømes ikkje Internett, så avisverda har utan tvil endra seg mykje sidan sist, seier Vie.

Mykje erfaring frå Firda

Medan Vie har vore borte frå Firda i 13 år, har Yngve Årdal vore på huset sidan 1984. Han tek over jobben som redaksjonssjef etter at Arild Nybø går tilbake i stillinga som kanalredaktør. Årdal har hatt oppgåver både som grafikar og vaktsjef, og dei siste åra har han hatt jobben som produksjonssjef.

– Når eg no i løpet av dei neste månadene tek til i den nye jobben, er det med ambisjonar om å styrkje den redaksjonelle staben, seier Årdal, som no leitar etter arvtakar i jobben som produksjonssjef.

Som informasjonssjef har Vie jobba på begge sider av informasjonsstraumen, og når han no forlet Helse Førde, er det med tungt hjarte.

– Eg har ein veldig flott arbeidsplass med dyktige kollegaer, og sjølv om det har vore ein utfordrande jobb i ei tid med mykje blest kring Helse Førde, så har eg utan tvil lært mykje av det, seier Vidar Vie.