Medan forsmådde bønder landet rundt framleis er rasande over tilbodet frå regjeringa i årets landbruksoppgjer, heller Framstegspartiets ungdom (FpU) salt i såret ved å foreslå å fjerne all subisidiering av norsk landbruk.
- Landbruksministeren gir i år 900 millionar kroner til norske bønder. Dette har reist ein voldsom debatt, men subsidiane sitt omfang blir tilsynelatande tatt som ei sjølvfølgje av alle. Det er ingen som tør stille spørsmål ved om landbruket i det heile tatt fortener, eller treng, slike subsidiar, seier Marius Reiakvam.
Overtar som fylkesleiar
23-åringen sit i kommunestyret for Frp i landbruksbygda Naustdal, og vert laurdag vald til ny fylkesleiar i FpU på eit ekstraordinært fylkesårsmøte i Førde.
Han tar over etter sogningen Stig Ove Ølmheim som i førre veke sjokkerte dei fleste ved å melde overgang til Arbeidarpartiet.
For full fristilling
I eit lesarinnlegg i laurdagens papirutgåve av Firda tar Reikavam til orde for full fristilling av landbruket.
- Det er stor forskjell på landbruket og andre bransjar. Medan dei aller fleste andre næringar fører med seg konkrete vinstar som til dømes auka skatteinntekter, sysselsetjing, produktivitet, vekst og velstand, er vinstane ved å halde landbruket kunstig i live i beste fall vage, meiner Reiakvam.
Den ferske partileiaren vil at prisane på dei varene bøndene selv skal fastsetjast av bøndene sjølv. Samstundes vil han erstatte dagens ordning med statlege landbruksavtalar med eit marknadsbasert konkurransesystem.
- Eit system tilsvarande det alle andre næringar må forholde seg til, seier Reiakvam, som ikkje forstår kvifor akkurat landbruksnæringa skal vere både «verna, subsidiert og statleg regulert».
Heile lesarinnlegget frå Marius Reiakvam kan lesast i papirutgåva av Firda laurdag 9. juni.