Fotgjengar påkøyrd og skadd

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet fekk like før klokka 20 i kveld melding om at ein fotgjengar var påkøyrt ved Markegata 19 i florø.

Både politi og ambulanse rykte ut til staden.

Fotgjengaren var skadd, og vart køyrt til Førde sentralsjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er førebels ukjent.

Politiet opplyser at ulykka skjedde på ein stad der det tidlegare har vore fotgjengarfelt. Dette feltet er no slipt vekk.

Artikkeltags