Forventar besøk før avgjerd

Som tradisjonen seier, lovar Miljøgruppa å by ministrane på Fjordfiskarens Festbord.

Som tradisjonen seier, lovar Miljøgruppa å by ministrane på Fjordfiskarens Festbord. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Medan Askvoll og Naustdal kommune inviterer seg sjølve til hovudstaden, inviterer Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe dei fire aktuelle statsrådane til synfaring på Engebøfjellet og Førdefjorden.

Invitasjonen går til Klima- og miljøminister Tine Sundtoft, Næringsminister Monica Mæland, Fiskeriminister Elisabeth Aspaker og Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Under gårsdagens spørjetime i Stortinget, utfordra SV og Audun Lysbakken Erna Solberg til å komme på synfaring. Det ville ho ikkje, med grunngjeving i at dette er ei enkeltsak som skal handsamast i departementa. No går invitasjonen frå Miljøgruppa og Naturvernforbundet til ministrane for dei aktuelle departementa.

I brevet sitt skriv Miljøgruppa og Naturvernforbundet dette:

– Vi håpar at ministrane vil nytte høvet til synfaring, lytte til lokalkunnskap, og å oppleve verdiane og den store samfunnsnytten knytt til Førdefjorden. I ei av landets største forureiningssaker nokon gong, ventar vi at regjeringa kjem på besøk før høyringssvar vert leverte og beslutningar tekne.

Som tradisjonen seier, lovar Miljøgruppa å by ministrane på Fjordfiskarens Festbord.

Artikkeltags