Forstår at dei er urolege

SKULEVEG: Slik såg det ut på Fv609 ved Eidsfjorden, etter at raset søndag var rydda så pass at personbilar kunne smyge seg forbi. Innfelt: Askvoll-ordførar Frida Melvær (H).

SKULEVEG: Slik såg det ut på Fv609 ved Eidsfjorden, etter at raset søndag var rydda så pass at personbilar kunne smyge seg forbi. Innfelt: Askvoll-ordførar Frida Melvær (H). Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Men heldigvis rasar det sjeldan, seier ordføraren.

DEL

– Vi veit at det er raspunkt på Fv609 ved Eidsfjorden, og eg forstår at folk i Stongfjorden blir urolege, etter raset som no har gått. Risikoen er der, men det er heldigvis ikkje ofte det går ras på denne staden. Eg håpar det blir lenge til neste gong, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær (H), etter vegstenginga søndag morgon, då store blokker hadde dundra ned i vegbanen der skulebussen skal køyre måndag.

Faren over?

Melvær seier det har vore teke kontakt med Statens vegvesen etter hendinga, og at dei vurderer det som trygt å opne vegen, og at det ikkje er fare for nye ras.

– Men kva seier du i dag til foreldra i Stongfjorden som meiner dette raset nettopp syner kor feil det var å leggje ned skulen deira?

– Eg held meg til det Statens vegvesen har sagt om dette raset. Kjem det andre signal, må fylkespolitikarane ta det innover seg. Meiner faginstansane at denne vegen er særleg utsett, må rassikringa prioriterast opp, seier Melvær.

Nådde ikkje opp i prioritet

– Raspunktet er kjent, og i samband med handsaminga av Regional transportplan vart det dessverre vedteke å flytte fylkesveg 609 Stongfjorden - Askvoll over til uprioritert marginalliste over mindre tiltak med kostnadsramme på 30 millionar kroner.

– Men raset søndag gjekk utan at det var noko ekstremver. Viser ikkje dette at det kan rase der nærast når som helst, og at det er svært vanskeleg å vere føre var?

– Vi hadde ei natt bak oss med mykje nedbør. Slike ras opplever vi frå tid til annan, og vi har mange raspunkt her i kommunen. Men eg forstår den uroa dette raset har skapt, seier Askvoll-ordføraren.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken