Forlangar ei forklaring

Berit Seljeseth Osa forlangar at styret i Sogn og Fjordane Høgre kjem til Florø for å forklare seg. Fylkesleiar Bjørn Lødemel vil gjerne komme til kystbyen for å komme til ei semje.

Berit Seljeseth Osa forlangar at styret i Sogn og Fjordane Høgre kjem til Florø for å forklare seg. Fylkesleiar Bjørn Lødemel vil gjerne komme til kystbyen for å komme til ei semje. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Oppmoding om å gravleggje stridsøksa skaper meir bråk.

DEL

I førre veke sende styret i Sogn og Fjordane ut ei pressemelding der dei oppmoda Flora Høyre til å setje ein sluttstrek for den lange og intense striden rundt den profilerte partimedlemmen Jacob Nødseth.

I pressemeldinga stod det blant anna at "dei som ikkje ønskjer å vere med på den vegen partiet går, må på fritt grunnlag vurdere om dei vil vere med vidare eller ei".

Denne formuleringa har vekt harme i Flora Høyre, og lokallagsleiar Berit Seljeseth Osa forlangar no at fylkesstyret kjem til Florø for å gjere nærare greie for innhaldet.

- Eg er overraska over at dei vel å formidle dette gjennom ei pressemelding. Dersom intensjonen til fylkesstyret er å få ro, var det vel andre og betre måtar å gjere dette på, seier Seljeseth Osa til Firdaposten.

Til avisa seier fylkesleiar Bjørn Lødemel at han gjerne vil komme til Florø for å komme til ei semje.

Artikkeltags