Forelska i fylket

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Arve Sandal brenn av kjærleik til Sogn og Fjordane, og han brukar mykje av tida si på å få andre til å innsjå at dei bør gjere det same.

DEL

– Eg er forelska i fylket, seier han utan blygsel.

Han ser at den utkåra slit med nedgang i folketalet, ungdom som flyttar vekk og knallhardt press på det tradisjonelle næringslivet. Held utviklinga fram, vert resultatet stagnasjon og forgubbing.

Men dette gjer ikkje beilaren mindre interessert. Slike utfordringar gjer berre lidenskapen enda meir glødande.

Vi møter banksjefen i eit sterilt møterom i hovudkontoret i Førde, det vakre teglsteinbygget ved Jølstra. 56-åringen treng litt tid på å snakke seg varm, men når han kjem i fart er orda mange og formidla med sterkt engasjement.

ARVE VOKS OPP på Sandane. Han er utdanna journalist frå Volda og var innom NRK Møre og Romsdal før han tok ei lang økt – ni år – i Sunnmørsposten. Der overtok han mellom anna ansvaret for legendariske «Nest siste side» etter Simon Flem Devold, i dag best kjend som bornas varme talsmann i Aftenposten.

I 1982 kom Arve tilbake til heimfylket, som reporter i NRK Sogn og Fjordane. I 1986 skifta han beite til videoproduksjonsselskapet Vest Visjon, i spann med Ole Fretheim, og fem år seinare var han tilbake i NRK som redaksjonssjef.

I september 2001 var tida mogen for nye utfordringar. Administrerande banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane henta inn Arve som banksjef med hovudansvar for kommunikasjon. Dei som trur at det var to gamle kompisar som fann kvarandre igjen, tek feil. Andenæs er fleire år yngre, voks opp lenger ute i fjorden....og er så mykje høgare at han «oversåg meg», ifølgje Arve.

ARVID OG ARVE har utan tvil funne tonen. Sparebanken Sogn og Fjordane har fronta satsinga på traineear i fylket, i samarbeid med Domstein, Sogn og Fjordane Energi og Hotel Alexandra. Her søkte 197 unge menneske med høgare utdanning på sju praksisplassar i desse bedriftene.

Målet er at andre kompetansebedrifter skal gå ut og gjere det same.

Sparebanken har vore pådrivar i arbeidet med næringsbarometer for fylket, og nyleg kom eit ungdomsbarometer og ungdomsmagasinet og nettstaden «Furore», begge prosjekta i samarbeid med Innovasjon Norge. No reiser Edle Iren Gjøen og Jorunn Åsfrid Røyrvik rundt på dei vidaregåande skulane og spreier den glade bodskapen om Sogn og Fjordane som moglegheitenes land for unge menneske.

Bak står Arve Sandal og styrer med fast hand. Han handlar der politikarane pratar.

SIMEN STAALNACHE heiter ein av banksjefen sine heltar. Han er 28 år, bur i Stryn og designar motekleda Moods of Norway. Røtene er solid festa i nordfjordsk jord, men marknaden er heile verda.

Slike karar vil Arve ha fleire av i Sogn og Fjordane.

Staalnache har teke marknadsføringsutdanning i Oslo og på Hawaii. Han kjøper stoffa sine i Italia og Frankrike og syr kleda i billegland i Aust-Europa, men hovudkontoret er eit lite, raudmåla hus i Stryn sentrum. Ideane hentar han i lokal kultur og natur.

– Skal vi henge med, er vi avhengige av å fornye næringslivet vårt. Marknaden og konkurransen er global, og då må vi også ha global kompetanse. Vi treng språkmektige, verdsvane og engasjerte folk som karane bak Moods of Norway, ivrar Arve.

EI UVANLEG KREATIV sjel er karakteristikken som går igjen frå folk som har arbeidd tett med Arve.

Han har sterke meiningar og likar å ha rett, og er ikkje alltid så flink til å takle motførestellingar. Han har eit stort potensial når det gjeld å lytte til andre sine meiningar.

Noverande redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Rolf Sanne-Gundersen, meiner det oppstod eit vakuum på huset då han flytta nokre hundre meter lenger bort i Førde sentrum.

– Arve var veldig oppteken av å nedkjempe mindreverdskjensle. Vi fekk heile tida høyre at vi var flinke, minst like flinke som andre, sjølv om vi arbeider på eit lokalkontor. Dette predikerte han veldig sterkt, seier Sanne-Gundersen.

Han meiner at Arve sin innsats er undervurdert i høve til Magni Øvrebotten. Ho var administratoren, Arve var sentral i utviklinga av produktet. Han unnfanga også idéen om Nynorsk Mediesenter. Skulen er ei formalisering av NRK Sogn og Fjordane sin opplæringstradisjon – med Øvrebotten som rektor.

HAN HAR STERKE kjensler for folk og natur i Sogn og Fjordane. Arve trur det kjem av at han har farta mykje rundt om som journalist og programskapar, og han har møtt mange menneske og komme tett inn på det livet dei fører.

– I dag er det mykje som går imot oss. Sentralisering og urbanisering. Storbyane si tyngde bankar oss i hovudet. Då må vi kjempe og slåst for livet vårt og framtida vår her.

Arve fortel at han identifiserer seg så sterkt med utviklinga i fylket at han kjenner det på kroppen.

– Finn eg ein artikkel i Dagens Næringsliv som fortel at Sogn og Fjordane er det fylket som har flest bedrifter med overskot, så heng eg han opp på veggen og roper «halleluja», fortel han.

Tilsvarande kan negative meldingar føre til at han vert lei seg og sår.

MEN DÅ VAKNAR konkurransemannen.

– I første fase går eg ei stund og sparkar i torva, men så vaknar kampgløden og eg må berre engasjere meg.

Konkurranseinstinktet er sterkt og kan vere brutalt, ifølgje avkomet.

– Han er glad i å leikeslåst og kan vere veldig hardhendt. Ein gong knuste han eit glasbord som han hadde laga sjølv, etter at eg skubba til han, fortel skodespelar-dottera Kjersti.

Ho skildrar ein far som elskar å konkurrere i fotball og ringspel, og som gir blaffen i vanlege pedagogiske reglar når han utfordrar sjølv små konkurrentar.

– Han vert kjempeglad når han slår ein 7-åring i ringspel. Då strekkjer han armane i veret og ropar «Yes, yes», fortel dottera.

VILLAKS-FILMEN han og Ole Fretheim laga for senteret i Lærdal, kan vere ei høveleg oppsummering av bodskapen.

Filmen handlar om den vesle lakseyngelen som kjempar seg forbi rovfiskar og lakselus og ut i den store verda, nærare bestemt til oppvekstområda i Atlanterhavet. Der veks laksen seg stor og sterk før ho eller han etter nokre år set kursen tilbake til den same elva og den same hølen der dei vart unnfanga.

Arve fortel om store, breie fiskar som er eigna til å symje oppover Tanaeleva i Finnmark, og om smale, spenstige laksar som er skapte for strie vestlandselvar. Desse fiskane har eit genmateriale som er spesielt eigna til å klare seg nettopp i det området dei kom frå.

Artikkeltags