Foreldra fortvilar

skuffa: Løftet frå kommunen var at Bygstad barnehage skulle stå ferdig hausten 2015. Slik blir det ikkje. T.v.: Ranita Olsen. Unni Lervik, Johanne Lervik, Ingunn Lervik, Rebekka Lervik (bak), Iselin Haugland, Vigdis Tande Haugland, Malin Haugland, Tarjei Ryste Haugsbø, Bodil Ryste, Ella Ryste Haugsbø, Ingvild E. Øvrebø, Anna E. Øvrebø, Else Marie Borch og Synne Borch Furnes.FOTO: MARIE HAVNEN

skuffa: Løftet frå kommunen var at Bygstad barnehage skulle stå ferdig hausten 2015. Slik blir det ikkje. T.v.: Ranita Olsen. Unni Lervik, Johanne Lervik, Ingunn Lervik, Rebekka Lervik (bak), Iselin Haugland, Vigdis Tande Haugland, Malin Haugland, Tarjei Ryste Haugsbø, Bodil Ryste, Ella Ryste Haugsbø, Ingvild E. Øvrebø, Anna E. Øvrebø, Else Marie Borch og Synne Borch Furnes.FOTO: MARIE HAVNEN Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

gaular: Bygstad barnehage skulle etter planen vere ferdig utvida neste haust. No blir prosjektet utsett eitt år.

DEL

saka

Utvidinga av Bygstad barnehage skulle vere klar hausten 2015, men blir utsett i eitt år.

– Vi synest det er veldig synd at utvidinga blir utsett, og mange foreldre er oppgitt og skuffa. Beskjeden om dette tok pusten frå oss, seier foreldrerepresentant Vigdis Tande Haugland.

Barnehagekapasiteten i Bygstad er sprengt og for tida blir ei mellombels avdeling i «Minibanken» nytta. Etter planen skulle den eksisterande barnehagen vere ferdig utvida hausten 2015. Ei eiga arbeidsgruppe, som blei stifta i februar 2013, har saman arkitektfirmaet Xform AS laga eit skisseprosjekt. Skissa av ein «topp moderne barnehage med ny avdeling og personalfasilitetar» blei lagt fram for kommunen før sommarferien. Prislappen var på vel 19 mill. brutto.

Vil hente inn konsulent

Sjølv om formannskapet i utgangspunktet var positive til skisseprosjektet, vil dei utsette saka med eitt år. Årsaka er kostnadane og ei omregulering av dei to vegane nedanfor barnehagen som dei trur kan ta tid.

Kommunen vil hente inn ein konsulent som skal leie prosjektet med utarbeiding av anbodsgrunnlag, anbod og evaluering/tildeling av anbod. «Vonleg vil dette komme på plass rimeleg snart», skriv Bjørnar Fjellhaug, skule- og kultursjef i kommunen i eit brev til foreldra i slutten av august.

Fryktar ny utsetting

Foreldra lurer på fleire ting etter at dei fekk brevet:

– Kva er meint med «rimeleg snart» med tanke på tilsetting av konsulenten? undrar Tande Haugland, og legg til at ho synest det er positivt at det blir leigt inn konsulent, men at dette burde blitt gjort tidlegare.

Foreldra lurer også på kva som skjer med arbeidet arbeidsgruppa har lagt ned.

Ingvild Espeland Øvrebø flytta til Bygstad for to år sidan. Ho seier ein del av grunnen var eit godt barnehagetilbod. At dette er på plass, er viktig for tilflytting til bygda, meiner ho.

– Sjølv om personalet gjer ein god jobb, så er det uheldig med delt barnehage. Eg fryktar at utsettinga kan bli skyvd enno lenger fram i tid, seier ho.

Artikkeltags