Denne veka har meir enn 200 tilsette i skulane, barnehagane og skuleetaten i Førde kommune sett seg på skulebenken for å bu seg på den nye utdanningsreforma.

-Vi har sett i gang eit program for kompetanseheving som ein del av kunnskapsløftet vi vil gjennomføre før den nye utdanningsreforma kjem. Vi skal mellom anna utdanne pilotar som skal hjelpe til med endringar rundt om på skulane og i barnehagane, forklarer skulesjef Helge Sæterdal.

Både skule og barnehage

Ved «tavla» på Rica Sunnfjord Hotell er det Grete Helle og Tom Rune Fløgstad - eller «Ringer i vann» som dei kallar verksemda si - som har styrt kritet.

-Det er spennande at Førde tør å tenkje nytt og å sjå langt framover. Det er viktig å stake ut ein felles kurs der kvar og ein samstundes får gå i det tempoet som passar, seier Helle og legg til at det eigentleg rår «dramatiske tilhøve» i den norske skulekvardagen i Norge i dag, der elevane «bråkar og kosar seg».

-Vi har særleg mykje å hente i leiarsjiktet når det gjeld slikt som syn på læring og kulturbygging. Og sjølv om det er oppretta eit eige barnehagedirektorat, vil vi vidareføre fellesskoleringa for barnehagar og skular. Det er jo dei same barna som er brukarar; dei kjem jo ikkje dettande frå himmelen til skulen. Dette står sentralt i leiaropplæringa, og då er det viktig for oss at vi har fått inn konsulentar med dette perspektivet.

95 prosent av alle barn i alderen 3-5 år i Førde har plass i barnehagane.

Brukarmeiningar

Med det ferske stadsbudsjettet følgde ein strategiplan for kompetanseutvikling for perioden 2005-2008.

-Det er dette arbeidet vi allereie er i gang med, og vi er stolte av å prøve å liggje i forkant, seier Sæterdal og legg til at kommunen har hausta skryt frå fleire tilsette for framdrifta.

6.januar skal Sæterdal delta på ei KS-samling for deltakarar i eit effektiviseringsnettverk, og då ventar han å kunne offentleggjere resultata av den store brukarundersøkinga som Førde kommune har gjennomført i barnehage- og skulesystemet.

-Svarprosenten ligg litt under 50 prosent. Og det er meir enn bra nok for å kunne trekkje konklusjonar. Resultata av brukarundersøkinga vil vere med på å danne grunnlag for det arbeidet vi gjer i etaten vidare, seier Sæterdal.