Førde-kvinner sextrakasserte

Einingsleiar Harald Bjarte Reite i bu- og miljøtenesta i Førde kommune fortel at uønskte, seksuelle tilnærmingar mot utviklingshemma kvinner i Førde er eit stort problem.

Einingsleiar Harald Bjarte Reite i bu- og miljøtenesta i Førde kommune fortel at uønskte, seksuelle tilnærmingar mot utviklingshemma kvinner i Førde er eit stort problem. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Mange utviklingshemma utsette for overgrep.

DEL

- Det er eit stort problem. Det kan vere alt frå slibrige tekstmeldingar til seksuelt samkvem, forklarar einingsleiar Harald Bjarte Reite i bu- og miljøtenesta i Førde kommune.

Kommunen har rundt 30 personar som får hjelp og oppfølging av bu- og miljøtenesta.

- Etter dei observasjonar vi har gjort, opplever om lag halvparten av kvinnene med lett til moderat utviklingshemming uønskte seksuelle tilnærmingar frå menn dei møter, seier Reite.

Kommunen ser ingen mønster i kva type menn som prøver seg.

- Vi har hatt fire grove tilfelle dei siste åra, seier Reite

I helga skjedde eit nytt tilfelle av seksuell tilnærming, og Reite stadfestar at saka er meld til politiet.

Artikkeltags