Trioen MP3 fekk æra av å opne Førdefestivalen i jubileumsåret. Det gjorde dei ute blant publikum før dei etterkvart gjekk på scena. Trioen frå Sverige let vel, det gjorde også publikum som gav stor applaus.
Finn Tokvam var konferansier. Ablegøyene slo godt an i den fullsette idrettshallen. Ein hall som var spektakulært dekorert og lyssett.
Stortingspresident Olemic Thommessen heidra festivalmor Hilde Bjørkum for hennar innsats gjennom 25 år. Så bad han publikum om lytte til den gode tonen i folkemusikken som treff deg i mellomgolvet, skaper ettertanke og identitet og knyt kulturar saman.