Før tønnefabrikk – no luksusleilegheiter

Hans-Peter og Gisela Kämpfer har bygt om Kristofferbuene til ni moderne leilegheiter på 95- 130 kvadrat. Dale Tønnefabrikk AS stod på tomta før, men brann ned i 1987.

Hans-Peter og Gisela Kämpfer har bygt om Kristofferbuene til ni moderne leilegheiter på 95- 130 kvadrat. Dale Tønnefabrikk AS stod på tomta før, men brann ned i 1987. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Etter to år og 30 investerte millionar har tyske Hans-Peter og Gisela Kämpfer gjort Kristofferbuene om til ni luksusleilegheiter. Sjå bildeserie.

DEL

På denne tomta stod det tidlegare ein tønnefabrikk, men den brann ned i 1987.

– Dette er luksusleilegheiter som er heilt annleis enn andre bustadar i Dale, og dei kjem til å gå unna raskt, meiner Hans-Peter Kämpfer.

Leilegheitene har to rom, er på 95- 135 kvm2 og har mellom anna to bad. Dei skal seljast eller leigast ut.

– Med desse har vi ønskt å gjere sjøsida av Dale enda penare, seier Kämpfer, som har budd i Dale med kona si i årevis.

– Det vert mogleg å sole seg på sitt eige bad i nokre av leilegheitene, legg han til og smiler.

Seld for tre- fire millionar

To av bustadane er allereie selde.

– Dei gjekk til ein pris på mellom tre og fire millionar.

No står berre småplukk att, og paret reknar med leilegheitene er innflyttingsklare etter ferien.

– Vi har ikkje teikna nokre leigekontraktar, men har fleire interesserte, seier Kämpfer, som ikkje vil seie noko om utleigepris.

– Ein kan velje om ein vil leige umøblert eller møblert. I nokre av leilegheitene kan ein velje om ein vil installere solariumslys, og dette er noko av det som vil innverke på kva utleigeprisen vert, held han fram.

Paret er sikre på éin ting:

– Vi ønskjer oss rolege, seriøse folk som er interesserte i å bu her lenge. Dette skal ikkje bli partybuler, seier dei smilande.

Bustadane har minst éin terrasse – dei i 3. etasje har òg altan.

– Vi bur sjølv i ei av leilegheitene, og dei er svært godt isolerte. Straumkostnaden har gått ekstremt ned sida ombygginga.

Konjakktønne på tunet

Kristofferbuene er bygt om for 30 millionar. Restaurering av det «Gamle Saghuset» på tomta er òg medrekna i denne summen.

– Dette bygget er noko av det som skal utgjere museum om tønnefabrikken, til ære for den avdøde eigaren, fortel Hans-Peter.

Midt på gardsplassen ruver ei gammal konjakktønne på 4 gonger 3,9 meter. Den vil innehalde dokumentasjon om tønneproduksjonen i Dale.

– Kva får eit tysk par til å gjere om eit bygg som Kristofferbuene til bustadar, i ei bygd som Dale?

Kampfër-paret ser ut av dei breie vindauga, der sola blinkar i Dalsfjorden denne junidagen.

– Vi har bustadar i fleire land, men Norge er heilt klart favoritten! seier Gisela.

– Vi elskar den norske mentaliteten, naturen og den gode plassen her. Kristofferbuane valde vi på grunn av den utrulege fjordutsikta, og vi meiner Dale er ein uoppdaga perle i fylket.

Tilfeldigheiter og jobbforbindingar brakte paret til Dale.

– Eg kjende godt fabrikkeigaren Kristoffer Hovland. Restaureringa har kosta dobbelt så mykje som vi antok. Jobben har vore enorm og utfordrande, men vi føler dette er ei trygg investering å gjere i eit land som Norge.

Artikkeltags