– For slappe med nynorske læremiddel

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV).

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV). Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell meiner mange fylkeskommunar er for slappe med å skaffa nynorske læremiddel. No ber han Utdanningsdirektoratet skjerpa kontrollen og rutinane.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Ei undersøking Utdanningsdirektoratet har gjort, viser at sju fylkeskommunar ikkje kontrollerer at bøkene dei kjøper inn, ligg føre på begge målformer.

Inga kontroll

– Eg har ynskt å spørja fylkeskommunane spesielt om nynorske læremiddel, fordi eg veit at dette er eit område mange ikkje tek alvorleg nok, seier kunnskapsministeren.

– Dette har eg no fått stadfesta. Fleire fylkeskommunar kontrollerer ikkje om læremidla ligg føre til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk slik opplæringslova seier.

Kunnskapsministeren ser alvorleg på den manglande oppfølginga.

– Det er svært uheldig om elevane skal starta på endå eit skuleår utan naudsynte bøker, seier han.

Seine bøker også denne hausten

Statsråden trur elevane også denne hausten må vera førebudd på å venta på mange av dei nynorske lærebøkene.

– Eg trur ikkje det skal bli så ille som sist, men nokre elevar vil måtta venta, og særleg dei som skal ha nynorskutgåver, seier Solhjell til Stavanger Aftenblad. Han etterlyser eit større engasjement både hos fylkeskommunane og forlaga for å få fram nynorskutgåvene.

Statsråden vil ikkje røpa kven av fylkeskommunane som ikkje har gjort jobben sin godt nok, men seier departementet no vil følgja dei opp.

Kunnskapsministeren vil også be alle fylkeskommunane om å skjerpa rutinane sine slik at lærebøker og andre læremiddel ligg føre til same tid både på bokmål og nynorsk.

(©NPK)

Artikkeltags