29. juli var det 25 år sidan marerittkvelden då 29 år gamle pakistanske Ali Ghazanfar Shah og kameraten blei drepne på open gate i Oslo. Saman hadde Ghanzafar Shah og Elisabeth Gallefoss, som då var 23 år, ei dotter på elleve månadar. I tillegg gjekk Gallefoss høggravid i sjuande månad med sonen deira.

Markering mot vald

Gallefoss trudde aldri ho skulle klare å skrive boka. No kjende ho seg likevel klar og sette seg ned for å skrive. Etter 1,5 år gir ho ut «Kill them! Kill them! Blodige tårer» på eige forlag.

– Eg ville lage ei markering for å vise at det er menneske det gjeld og at vi ikkje finn oss i valden og rasismen som skjer. Vi er alle menneske, uavhengig av hudfarge. Det er på tide å stoppe valden, seier Gallefoss som opphavleg kjem frå Guddal

Boka er sjølvbiografisk og handlar om frykt, sorg, familie og kjærleik.

– Det viktigaste for meg er å formidle kjærleiksbodskapet. At folk må vere snille og gode med kvarandre. Men også om å stå opp mot mobbing. Av og til er det berre eit ord som skal til. Om boka kan endre synet til ein person, er eg nøgd.

Venninna Synnøve Wikan var kjærasten til det andre drapsofferet. Ho var vitne til den grufulle hendinga. Wikan har bidrege med to kapittel i boka der ho fortel om korleis det var å miste kjærasten som 20-åring og om opplevingane då ho vitna mot drapsmannen i Polen.

Mange lir tapet

Gallefoss skildrar tida etter drapet som tøff og fortel rasisme og drapstruslar. Ho ville likevel halde fram med å bu i Oslo.

– Eg kunne ikkje flykte frå sorga mi. Eg var ein levande død sjølv. Eg opplevde det verste ein kan i kjærleiken, eg mista det kjæraste eg hadde, seier Gallefoss som er oppteken av at det er mange som sit att med sorg etter eit drap.

Ho understrekar at ho ikkje skriv bok for å få medkjensle.

– Eg skriv slik at andre kan sjå at det går an sjølv om ein har hatt det tøft.

I dag jobbar ho som healer på Bryggen i Bergen. Neste veke kjem Gallefoss til Dale for å ha stand på Torgdagen neste veke.

Der blir det boksal og signering.