Fonnvind kasta bussen ti meter vekk

Bussen vart kasta av vegen på grunn av fonnvind etter eit ras på andre sida av dalen.

Bussen vart kasta av vegen på grunn av fonnvind etter eit ras på andre sida av dalen. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Evakuerer 19 personar etter bussulykka i Våtedalen

DEL

Ein buss har køyrt i grøfta i samband med eit snø- og steinras i Våtedalen på E39 mellom Gloppen og Jølster.

Ulykka skjedde rundt 13.00 tysdag ettermiddag.

Evakuerer passasjerane

Redningsmannskap er no i full gong med å evakuere dei 17 passasjerane og dei to sjåførane som var i bussen.

– Vi har ikkje opplysningar om at nokon er fysiske skadde, seier Nils Erik Eggen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ein evakueringsbuss er på veg til staden, men er enno ikkje framme.

– Så vidt vi veit er det ikkje fare for nye ras, opplyser Eggen til firda.no.

Bussen som velta er frå Fjord1 Buss Møre og Sogn billag.

Slengt 8- 10 meter vekk

Ifølgje direktør hos Fjord1 Sogn Billag, Olav Terje Hove, vart bussen kasta av vegen av ein fonnvind etter eit ras.

– Bussen vart liggjande på sida, åtte- ti meter frå vegen etter dette, seier Hove til firda. no.

Passasjerane får no rekvirert nødvendig hjelp og blir frakta til legesenteret på Sandane.

– Ingen er fysisk skadd, men dei som har behov for det kan få legehjelp, seier han.

– Sjåføren vår har tatt dette tungt, han var ganske skjelven, men det står bra til fysisk med han, seier Hove.

Bussen var på veg frå Førde mot Ålesund då ulykka skjedde. Ein ny buss er på veg til staden no.

Politiet dirigerer trafikken

Ifølgje Arild Stadheim i vegtrafikksentralen var det ikkje eit stort ras.

– Men lufttrykket då raset kom, greidde likevel å presse bussen av vegen, seier Stadheim.

Det er lite snø i vegbana og vegen er no open i eitt felt.

Politiet dirigerer trafikken på staden. Skredfaren skal no vurderast, fortel Stadheim til firda. no.

Ein av dei første som kom

- Det låg ikkje meir enn 10-15 centimeter med snø i vegbana, fortel Geir Ove Dvergsdal.

Han var i ein av dei første bilane som kom til staden etter ulykka.

- Vi følte oss ikkje så trygge då vi stod der, og fekk køyre forbi staden etter å ha stått der i 15-20 minutt, fortel Dvergsdal.

Før brøytemannskapa sleppte han forbi, såg han at det begynte å komme folk ut av bussen.

Artikkeltags