Følling får endå eit mektig styreverv

Fylkesvaraordførar (Sp) og styrevervgrossist Jenny Følling, her fotografert på valnatta 12. september.

Fylkesvaraordførar (Sp) og styrevervgrossist Jenny Følling, her fotografert på valnatta 12. september. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Overtar etter Kjartan Longva og vert ny fylkestopp i Innovasjon Norge.

DEL

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) frå Gaular er vald til ny styreleiar for Innovasjon Norge si fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Dette skjer berre dagar etter at Følling også vart vald til ny fylkesleiar i KS.

Ho tek over det mektige vervet etter pensjonert Høyanger-ordførar Kjartan Longva (Ap).

Totalt kjem tre nye medlemmer inn i styret som i alt består av sju personar:

  • Jenny Følling, 49 år, politikar
  • Knut Eikeland, 44 år, bedriftsrådgjevar
  • Hilmar Høl, 42 år, industriarbeidar
  • Stig Oldeide, 57 år, fiskebåteigar
  • Brit Brækhus, 45 år, bonde
  • Bente Nesse, 55 år, verftsdirektør
  • Lindis Alme, 53 år, dagleg leiar

Artikkeltags