Folket har talt: Dette er den kulaste rånebilen

Kristoffer Gjervik sin BMW stakk av med sigeren då den beste rånebilen blei kåra laurdag.

Kristoffer Gjervik sin BMW stakk av med sigeren då den beste rånebilen blei kåra laurdag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Nysgjerrig på kven som har den flottaste rånebilen i området? Ingen grunn til å lure lenger, for i dag stakk Kristoffer Gjervik frå Naustdal av med tittelen «Beste rånebil» under Nybilmessa i Førdehuset.

30 rånebilar i konkurransen

– Det var jo veldig stas, smiler 22- åringen, som har lagt ned eit halvt års arbeid i å få sin blå BMW E36 325 nett som han vil ha den.

Totalt var 30 med i konkurransen om å ha den beste rånebilen og tre gjekk vidare til finalen. Her blei originalitet, utsjånad og kor mykje arbeid som låg bak bilen, viktige kriterium for kven som blei plukka ut til finalen.

Totalt betalte 870 personar seg inn i løpet av laurdagens Nybilmesse, noko som ligg på omlag same nivå som i fjor, fortel arrangør Tore Fossen.

– Ikkje noko å vere flau over

Publikum fekk vere med å stemme fram vinnaren, men det var altså den blå BMW -en til Kristoffer som overlegent stakk av med sigeren.

Men om du trur Kristoffer og dei andre rånarane er redde for å stikke seg fram og vise fram glisa sine, så tek du feil.

For både Kristoffer og Stine Bortheim (19), som var med og arrangerte konkurransen, er stolte rånarar. Og har ikkje problem med å seie det høgt.

– Kvifor skal det vere noko å vere flau over? seier førdejenta Stine og smiler.

Råning sosialt og fint

– Kanskje synest nokon at det er harry, men eg synest det er sosialt og fint. Det er ein kjekk hobby. Eg er ein rånar, og eg er stolt av det, smiler ho.

– Dessutan synest eg det er mykje betre å bruke tida si på bil og vere sosial med venner enn å sitte på nettet dagen lang, legg 19- åringen til.

Ho har ein Audi, som ho og kompisen stadig vekk mekkar litt på.

– Eg har ein del ting eg vil gjere med den før den er ferdig, seier ho, og legg til at ho har ein litt meir «klassisk rånestil»

– Ein ganske sunn hobby

Kristoffer meiner mange mistolkar rånemiljøet:

– Råning er nett som andre interessere og hobbyar, som til dømes fotball. Eigentleg er råning ein ganske sunn hobby, seier han.

– Eg er i alle fall ikkje flau over å bli kalla ein rånar, legg han til.

Både Kristoffer og Stine fortel om eit sosialt rånemiljø.

– Folk samlast, skrur på bilane sine og har det kjekt i lag, seier Kristoffer, som har vore bilinteressert frå han var liten gutunge.

13 bilar på fire år

– Kor mange bilar har du hatt?

Lang tenkepause. Kristoffer tel etter, men slit litt med å finne korrekt tal.

– Tja, kanskje ein 10 bilar?

– Nei, du har hatt 13, skyt ein kompis inn frå sidelinja.

– Ja, det stemmer nok, det har blitt nokre bilar, smiler Kristoffer.

Ny bil? Fy-fy

Men du ser aldri 22- åringen kjøpe seg ein heilt ny bil rett frå fabrikken.

– Nei, eg må ha ein bil som eg kan fikse og ordne på slik at eg får den slik eg vil ha den.

Førstepremien i rånekonkurransen er på 500 kroner på Biltema.

– Det ryk nok sikkert med til noko verktøy eller noko slikt, smiler Kristoffer etter at han tok imot premien under nybilmessa.

Artikkeltags