Fødde i busslomme

Mamma Lene Gjerde Sætren og storebror Kristoffer (10) tykkjer Lilly var den perfekte julegåva.

Mamma Lene Gjerde Sætren og storebror Kristoffer (10) tykkjer Lilly var den perfekte julegåva. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Vesle Lilly kom til verda i ei busslomme på sjølvaste julaftan.

DEL

Lene Gjerde Sætren har tre gutar, og dei skulle i utgangspunktet få ei lita søster sjuande januar. Slik gjekk det derimot ikkje, for vesle Lilly hadde det travelt med å kome til verda. Og bursdagsdatoen må ho dele med storebroren Kristoffer, som fylte 10 år i går.

Var nøydde til å stoppe i Erdal

Klokka 01.40 natt til julaftan, vart Lena Gjerde Sætren henta med ambulanse heime i Svelgen. Ein liten time seinare vart Lilly fødd i ei busslomme i Erdal, som ligg åtte kilometer frå Førde Sentralsjukehus.

- Vi vart nøydde til å stoppe har eg høyrt, ler mamma Lene Gjerde Sætren. Sjølv var ho mest oppteken av å føde, men konstaterer at staden der fødselen skjedde ikkje var heilt ideell.

- Men det var ikkje anna å gjere, ho kom som ein rakett, seier Sætren.

Ho har berre lovord å seie om ambulansepersonellet og jordmora som møtte ambulansen for å ta imot Lilly, og ho er svært takksam for jobben dei gjorde.

Storebror Kristoffer veit alt om denne bursdagsdatoen

Lilly var 3430 gram og 50 cm når ho kom til verda på sjølvaste julaftan. Og ho er ikkje den einaste i familien med denne spesielle fødselsdatoen. Kristoffer fylte nemleg 10 år same dag som han fekk ei søster. Noko han har gleda seg til lenge, og han veit alt om det å ha bursdag på julaftan.

- Det er både kjekt og kjedeleg å ha bursdag denne dagen. Eg får dobbelt så mange gåver som dei andre, men samstundes får eg jo berre gåver ein gong i året, seier Kristoffer.

- Han brukar å få bursdagsgåvene på morgonen i senga, til stor misunning frå brødrene på tre og seks år. Og så får han julegåvene på kvelden ilag med resten av familien, fortel Lena Gjerde Sætren. Ho var ikkje førebudd på å få endå eit familiemedlem som må gjennom same ritual.

Ei perfekt jule- og bursdagsgåve

- Vi ville jo vente til over nyttår, men dette er jo ein heilt perfekt julegåve. Ho er jo så flott og velskapt, fortel ei stolt mor. Men ho innrømmer at det er litt spesielt å tilbringe delar av jula på sjukehuset, og gler seg til å kunne reise heim om et par dagar til ektemannen som ligg heime i Svelgen med influensa. Og ikkje minst gler ho seg til å syne dei to minste sønene den vesle søstra dei har fått.

Lena Gjerde Sætren jobbar til vanleg i barnehage og er veldig glad i born. Men no vert det full stopp på heimebane.

- No er familien fullkommen, eller kva Kristoffer? Sonen nikkar, og han gledar seg til å få vesle Lilly heim.

Artikkeltags