-Flytt Nynorsk Pressekontor til Førde

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

-Styret i Nynorsk Pressekontor må å ta nokre fundamentale grep og flytte kontoret til Førde. Og så må dei finne nye tenester og forretningsområde, elles er faren der for at dei forsvinn, seier nynorskforkjempar Arve Sandal.

DEL

Den tidlegare redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane som no er informasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane er klar i talen:

-Det har alltid irritert meg at nynorsk- og bygdeinstitusjonar legg hovudkontoret til Oslo, sjølv om eg forstår at ein gjerne må vere der for å påverke i rette fora.

-Må tenkje nytt

Sandal slår fast at NPK, som andre pressekontor, slit for tida.

-I dag er stoffet for mykje prega av kuriosa frå distrikta, og NPK kan til dømes bli sterkare på levere nyhende på mobiltelefon. Eg ser at ei avis som Firdaposten no har kutta ut NPK, seier Sandal.

Førde er i ferd med å få eit sterkt nynorsk mediemiljø med Firda, verdas største nynorskavis, med NRK Sogn og Fjordane som ein viktig leverandøren av distriktsnyhende til NRK sentralt, og med Nynorsk Mediesenter som driv opplæring i nynorsk eterspråk.

-NPK kunne også bli ein opplæringsinstitusjon for den skriftlege nynorsken. NPK må kunne vere med på å styrkje nynorskens stilling og vere ei drivkraft i utvikling av det nynorske språket, meiner Sandal.

Med nynorsk i blodet

-Sogn og Fjordane er det sterkaste nynorskfylket, og journalistar som får opplæring her vil få eit levande nynorsk språk inn i blodet og ta det med ut i landet, seier Sandal.

Han minner dessutan om at NPK mottek tre-fire millionar kroner årleg frå staten og at ein i statleg samanheng er veldig oppteken av koplingar på tvers, noko NPK kan vere med på å skape i Førde.

-NPK og Nynorsk Mediesenter bør ikkje fusjonere. Men NPK kan få ein plass i eit potent og kraftfullt nettverk, seier Sandal, som var den som opphavleg hadde ideen til Nynorsk Mediesenter.

Fleire arbeidsplassar

-Med Nynorsk Mediesenter har vi sett at det er mogleg å realisere idear. Det må i alle fall vere fem personar ved eit NPK i Førde for at dei skal kunne ha eit skikkeleg miljø. Elles kjem talet på tilsette an på kor godt byrået vert til å lage produkt og tenester som folk vil ha, seier Sandal.

-Er du interessert i ein jobb ved NPK om verksemda vert flytta til Førde?

-Eg tek ikkje initiativ til dette på grunn av meg sjølv. Andre krefter bør trekkje det i gang, ikkje minst med tanke på ny teknologi og nye tenester. Men nynorsk er språket mitt og ein viktig del av identiteten min. Eg er stolt av nynorsken som er eit kraftfullt og flott språk folk lyttar til. Er ein stolt av og trygg på språket sitt, og ikkje knotete og putlete, snakkar ein gjerne godt. Og det er ikkje noko problem å vere tospråkleg, det er ein verdi, seier Sandal.

Artikkeltags