Flunkande ny lokalbåt

Tysdag 22. januar var det dåp for nyebåten i Ytre Solund og Gulen, katamaranen Solundir.

Tysdag 22. januar var det dåp for nyebåten i Ytre Solund og Gulen, katamaranen Solundir. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Reisande på kysten får nytte topp moderne katamaran.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Fjord1 døypte tysdag passasjerbåten Solundir, som skal inn i rutefart i Gulen og Ytre Solund.

Båten vert sett i rute i slutten av veka og vil dekkje både skule- og tilførselsrute til det øvrige kollektivtilbodet i fylket.

Framtidas lokalbåt

Reisande i Gulen og Ytre Solund kan glede seg over ein sikker og komfortabel katamaran, med gode sjøeigenskapar - som på mange måtar er ein miniatyr av dei store ekspressbåtane.

- Det er lagt stor vekt på høg reisekomfort med utsikt gjennom store vindauge og fin lyssetting, samt lavt nivå på støy og vibrasjonar. Fartøyet er òg utrusta med fasilitetar for PC- og nettbrukarar, som inkluderer tilgang til trådlaust nettverk. Dette kan gjere reisa både effektiv og nyttig, seier direktør for prosjekt og nybygg i Fjord1 Arild Austrheim i ei pressemelding.

Auka tryggleik

MS Solundir tilfredsstiller dei nyaste og strengaste krava til tryggleik.

- Fartøyet har dobbel botn og er godkjent etter HSC 2000-koden. Vidare er det lagt vekt på universell utforming og god tilrettelegging i høve enkel ombord- og i landstiging, seier dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvin Aa.

Den nye katamaranen er bygd i karbonfibersandwich materiale ved Brødrene Aa i Gloppen kommune, har ein hastigheit på opptil 28 knop og tar 48 passasjerar.

Artikkeltags