Gå til sidens hovedinnhold

Florø skal få tilført ny kirurgi

Artikkelen er over 13 år gammel

Samstundes som sengeposten blir avvikla, skal Nærsjukehuset i Florø tilførast ny dagkirurgi.

Det opplyser klinikkdirektør Anne Margrethe Øvsthus i Helse Førde.

Ifølgje Øvsthus, skal Florø no få fleire operasjonar innan blautdelskirurgi. Ortopedien vil derimot bli overført til de andre sjukehusa i fylket, slik det tidlegare er vedteke.

– Det er framleis litt for tidleg å seie nøyaktig kor stor aktiviteten vil bli, men det er eit mål at den skal vere på om lag same nivå som tidlegare, seier Øvsthus i ei pressemelding frå helseføretaket.

Andre oppgåver

– Nærsjukehuset skal tilførast andre oppgåver, når sengeposten og ortopedien blir borte. Vi kjem også til å vidareføre aktiviteten ved den kirurgiske poliklinikken. Vi kan halde fram med kirurgisk aktivitet, sjølv om sengeposten vert avvikla, seier Øvsthus.

Etter at sengeposten blir lagt ned kjem Nærsjukehuset til å drive med rein dagkirurgi, m.a.o. kirurgi der pasientane kjem til sjukehuset, blir opererte og får reise heim same dag.

Ifølgje Øvsthus, tek kirurgisk avdeling sikte på å gjere dei fleste typar inngrep som kan gjerast som dagkirurgi, i Florø.