– Florø betyr fisk

Venstrepolitikar Halvor Halvorsen frå Florø kastar seg inn i gruvedebatten.

Venstrepolitikar Halvor Halvorsen frå Florø kastar seg inn i gruvedebatten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Og fisken må ha reine fjordar, seier venstrepolitikar frå Florø som hiv seg inn i gruvedebatten.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Førdefjorden overlever ikkje dumping av gruveavfall, seier Halvor Halvorsen, Venstre-politikar frå Flora som kastar seg inn i kampen mot gruvedeponiet i Vevring.

Laurdag var Halvorsen mellom appellantane på torgmøtet i Førde, i regi av Naturvernforbundet, Natur og ungdom, Vevring og Førdefjorden miljøgruppe og Miljøagentane. Halvorsen snakka på vegner av fiskeriinteressene og Norge fiskarlag.

Les også: "La fjorden leve!"

– Florø betyr fisk. Fisk er grunnlaget for Florø, både historisk og no, og fisken må ha reine fjordar. Ingen kan selje fiskeprodukt frå gruvefjordar, er Halvorsen si grunngjeving for å kaste seg inn i kampen mot gruvedrifta.

– Det er vår felles fjord, som vi er avhengig av all framtid, og som vi ikkje kan bytte vekk mot 175 tidsavgrensa, ikkje-berekraftige arbeidsplassar. Så enkelt er det, seier Halvorsen

Artikkeltags