Flest høgt utdanna folk flyttar ut

På berre få år har nær 3000 personar med høgare utdanning og fagbrev flytta ut frå Sogn og Fjordane, noko som mellom anna kan gjere at vi går glipp av entreprenørar. Illustrasjonsbilde.

På berre få år har nær 3000 personar med høgare utdanning og fagbrev flytta ut frå Sogn og Fjordane, noko som mellom anna kan gjere at vi går glipp av entreprenørar. Illustrasjonsbilde. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Sogn og Fjordane har lenge slite med fråflytting, og det er dei med høg utdanning som i størst grad forlét fylket.

DEL

Over 2000 personar med høgare utdanning har på berre få år valt andre fylke til fordel for Sogn og Fjordane, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Torbjørn Årethun, førstelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ville undersøke kven som utgjer fråflyttarane i fylket. Det dystre hovudfunnet hans er at svært mange av desse er høgt utdanna folk.

Mange utflyttarar med fagbrev

Også i forhold til personar med fagbrev er det fleire som flyttar ut av fylket enn inn.

– Det er dette som overraskar meg mest. Grunnen til det er at vi her i fylket har ein relativt brei arbeidsmarknad som kan sysselsetje den type arbeidskraft, seier Årethun til NRK.

Undersøkinga til Årethun syner at 1909 personar med høgare utdanning flytta ut mellom 2004 til 2007.

I same periode er talet på utflyttarar med fagbrev på 759.

Mangel på yrkesfagarbeidarar

– Desse tala vil for det første skape problem med rekruttering av relevant arbeidskraft for næringslivet i fylket, seier Årethun om ein av dei negative konsekvensane dette har for fylket.

At det nettopp er mange høgt utdanna hovudar som flyttar ut gjer også at fylket går glipp av fleire moglege entreprenørar.

– Dette kan gå utover vekstkrafta i næringslivet, seier førstelektoren.

Jan Atle Stang, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, seier at NHO er nøydd til å halde på særleg dei med fagbrev.

– Det er stor mangel på kvalifisert arbeidskraft innanfor yrkesfaga i dag, seier han.

Artikkeltags