Fleire studiepoeng gir større løyving

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner innføring av studieavgift for utanlandske studentar set gratisprinsippet under press.

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner innføring av studieavgift for utanlandske studentar set gratisprinsippet under press. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Totalt har HiSF fått ei auke på 6,6 prosent i løyvinga som er auka frå 340 millionar til 363 millionar kroner.

– Studentane lykkast og det gir utteljing. Det skuldast i hovudsak ei auke på studiepoengproduksjon. Så har vi fått tildelt studieplassar tidlegare som vidareførast.

Ny stipendiat, men kutt i lønn

Det er foreslått å auke løyvinga med 1,1 millionar kroner til ei stipendiatstilling til helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanninga. På landsbasis er det foreslått fordelt 47 stipendiatstillingar over statsbudsjettet.

Baksida av medaljen er at før dei har tildelt 1,1 millionar til stipendiatstillinga har dei kutta 1,7 millionar i lønns- og priskompensasjonen til HiSF.

– Det er resultatet av eit generelt kutt i heile sektoren. Lønnskostnadane våre er der, så det betyr at vi må ta inn att 1,7 millionar andre stadar. Korleis veit vi ikkje enno, forklarer Løkeland.

– Lenge sidan så store kutt

Tidlegare har det vore snakk om at KD ikkje vil tillate sjølvstyre for alle utdanningsinstitusjonane på Vestlandet. Det er det førebels vanskeleg å spore i budsjettet, fordi det er lagt opp til same finansieringssystemet som før.

– Det er lenge sidan det har vore så store generelle kutt i sektoren, påpeikar rektoren.

Meir til forskning

Høgskulen har fått 715 000 i auke i forskingsløyving, trass at ramma for forskingsfinansiering ikkje er auka. Det kjem ifølgje Løkeland av at høgskulen har fått ei auke i Norges Forskningsråd-prosjekt.

– Vi er på ein stigande kurve. Det er veldig viktig no når forsking er under lupa på alle måtar.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) med 323 000 kroner for å styrke grunnfinansieringa. Det skjer i høve vidareføringa av auka løyvingar i revidert nasjonalbudsjett i 2014.

Vidare er det foreslått å auke tildelinga med 959 000 kroner til utstyr i sjukepleiar og ingeniørutdanningane.

Vil innføre skulepengar

Statsbudsjettet føreslår ei innføring av skulepengar for internasjonale studentar utanfor EØS. Det betyr at HiSF si løyving er redusert med 975 000 kroner.

– Det er rekna med at vi skal ta det inn frå studieavgift, men i realiteten har ikkje vi så mange studentar utanfrå EØS. Det betyr at det blir eit sterkare kutt for oss enn til dømes for universiteta som har fleire studentar utanfrå.

Rektoren meiner gratisprinsippet no vert sett under press.

– Det har vore ein viktig skanse tidlegare. Det har vore eit utruleg gode. Utanlandske studentar tilfører oss noko som vi burde stimulere. Ei innføring av studieavgifta er eit teikn på endring i tenkemåten.

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Anders Kvernmo Langset, reagerer kraftig på forslaget om skulepengar.

– Vi kan ikkje akseptere at regjeringeavil gå bort frå gratisprinsippet, ein av grunnsteinene i norsk utdanning, seier Langset i ei pressemelding.

Artikkeltags