- Fleire hundre sparar til bart

Denne barten er kanskje i det meste laget, men nordfjordmenn er i allefall i full gang med å spare til bart for å "passe inn" på Oktoberfest i Stryn siste helga i spetember.

Denne barten er kanskje i det meste laget, men nordfjordmenn er i allefall i full gang med å spare til bart for å "passe inn" på Oktoberfest i Stryn siste helga i spetember. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Derfor kjempar nordfjordingane no om å ha den flottaste barten ... Kva synest du om bart?

DEL

Nordfjord-menn er i full gang med å spare til bart, og det er gjerne folk som elles likar best å vere glattbarberte. Men det er ein grunn: Oktoberfest i Stryn nærmar seg.

– Det er fleire hundre menn i Nordfjord som sparar til bart no, seier general for Oktoberfest i Stryn, Torstein Breivik, til NRK Sogn og Fjordane.

Då er det om å gjere å stille med den flottaste barten. For skal det vere oktoberfest, så skal det vere tysk. Øl, bart og pølser er stikkorda som gjeld siste helga i september.

Ifølgje NRK, vart karane som står bak Oktoberfest i Stryn inspirerte då dei reiste til Tyskland på Oktoberfest i München for nokre år tilbake.

  • Ver med i avstemminga til høgre

– "Alle" tyskarar har bart, så difor tenkte vi at alle må ha bart viss vi skal ha ein slik fest, og slik blei det, seier festgeneral Breivik.

Artikkeltags