Gå til sidens hovedinnhold

Fleire fødslar i Lærdal

Artikkelen er over 11 år gammel

Sist måndag kom det tre på ein dag.

Fødestova ved Lærdal sjukehus har til no i år hatt 23 fødslar, like mange som til mai i fjor, skriv Sogn Avis.

Sist måndag skjedde det tre fødslar på ein dag ved fødestova som ved to høve i fjor var nede i ein fødsel i månaden.

Jordmor Satu M. Henell seier til avisa at det også er gode lister over kvinner som skal føde ned fødestova i Lærdal.

Ifølgje Sogn Avis, meiner gynekolog Pål Wölner-Hansen ved Lærdal sjukehus at seleksjonskriteria for fødestova er for strikse og bør mjukast opp.

Det er seleksjonskriteria som gjer at Lærdal ikkje har så mange fødslar som sjukehuset hadde då det var eiga fødeavdeling, seier Wölner-Hansen til avisa.