Flau av å vise kollegaer dette

Slik ser bøketrea langs Jølstra på Øyrane ut etter at dei no er skorne ned.

Slik ser bøketrea langs Jølstra på Øyrane ut etter at dei no er skorne ned. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Anleggsgartnar: - Dette er eit trist syn

DEL

- Eg vil vere flau av å vise kollegaer og venner som er på besøk, rundt om i Førde-området, skriv anleggsgartnar Per M. Baarøy frå Vassenden i eit skriv til Førde kommune.

Til liks med både Solveig Andersen, agronom og gartnar, som 24. mars hadde eit lesarinnlegg i Firda om same tema, og Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord, reagerer Baaøy på måten Førde kommune forvaltar tre rundt om i byen.

Offentleg eigedom

I 1998 dreiv han som anleggsgartnar i Sunnfjord-området, og blant oppdraga var å beskjere bøketre langs Jølstra i Førde.

Beskjering har truleg ikkje vore gjort på 13 år, skriv han, og no har han observert kva som er gjort.

- At privatpersonar skjer trea sine slik er greitt nok, men at de som forvaltar offentleg eigedom, ikkje har betre kontroll, er trist, skriv han i brev til kommunen.

Han meiner dei som utført arbeidet, manglar plantefagleg utdanning.

Sjølv har Baarøy grunnutdanning som anleggsgartnar og har i 32 år praktisert som faglærar i plantebruk. For eitt år sidan sende han ei skisse til Førde kommune over korleis beskjering av tre skal utførast. Denne trur han kommunen må ha oversett eller "kasta".

Han kallar krtikken av kommunen ei frimodig ytring frå ein pensjonist som synest at faget hans ikkje vert teke på alvor.

Viktig

Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord reagerer på fellinga av ei gammal eik i Kyrkjevegen og den generelle forvaltning av tre i Førde. Dei har sendt eit skriv med 9 spørsmål til kommunen.

- Er det tilfeldig forbipasserande som skal redde gamle tre i Førde? spør forbundet.

- Vi ber om ei snarleg avklaring på korleis Førde kommune vil ta vare på gamle tre i og rundt Førde sentrum. Dette er viktig av fleire årsaker, mellom anna av kulturhistoriske og ikkje at gamle tre er viktige for det biologiske mangfaldet, skriv leiar Oddvar Etnestad.

Entreprenørar

Rådmann Ole John Østenstad har ikkje så mange kommentarar å gje til kritikken. Treskjeringa er sett vekk til entreprenørar som driv med skogrydding og slike ting, men kommunen går ikkje inn og ber om at dei har gartnarkompetanse til jobben.

- Burde det ikkje vere ein kvalitetskontroll her som på andre område?

- Jau, men eg veit ikkje om eg kan sjå at det er gjort noko dårleg arbeid. Ein kan sikkert finne eksempel på enkelttre, men i det store og heile tykkjer eg, ut frå min bakgrunn, at det ser bra ut, seier Østenstad og nemner Fjellvegen som eit døme.

- Eg tykkjer det er bra at dette blir teke tak i. Eg ville heller forstått kritikken om vi ikkje beskar trea og prøvde å halde det pent og ordentleg i Førde. Så er det også slik at tre og greiner veks opp att, om det skulle vere noko som ikkje er så bra som det skulle vere når dei vert skorne, seier Ole John Østenstad.

Artikkeltags