Fiskarlaget: Mattryggleiken er ikkje er godt nok vurdert

Kjell Ingebrigtsen, leiar for Norges Fiskarlag.

Kjell Ingebrigtsen, leiar for Norges Fiskarlag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fiskarlaget meiner at det manglar viktige opplysingar for å garantere mattryggleiken, mellom anna er reelt forbruk av kjemikalie framleis ikkje kjent.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Vi i Fiskarlaget har dei fire siste åra komme med omfattande innspel og høyringsuttalar i saka, som omfattar utslipp av om lag seks millionar tonn gruveavfall og kjemikal til Førdefjorden kvart år dei neste 50 årene. Vi forventar at synspunkta våre blir tatt på alvor, seier leiar for Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, i ei pressemelding.

Før helga sende han brev til tre departement, med ei rekke punkt Fiskarlaget meiner ikkje er godt nok undersøkt.

  • Heile brevet kan du finne her

Særleg uroa er Fiskarlaget for utvinningsprosessen, som dei har etterlyst dokumentasjon på i fire år.

Fiskarlaget ønsker å få innsyn i utvinningsprosessen utover skissestadiet.

– Fordi denne ikkje er kjent, er det framleis ikkje gjort greie for reelt kjemikalforbruk og kor mykje av utsleppet som vil vere finmale.

Fiskarlaget viser til eit dokument der det står at «Endelig prosessløsning skal foreligge medio 2010» og skriv at dei sidan 2010 har bedt om dokumentasjon på dette, utan å få det.

Ikkje ufarleg masse

Fiskarlaget er ikkje samd med dei som hevdar at fjellmassane er ufarlege. Dei skriv malmen inneheld kopar, krom, nikkel og bly, og at fleire hundre tonn av dette vil hamne i Førdefjorden kvart år. Dette i tillegg til 100–200 kilo kvikksølv årleg.

Utover dette naturlege innhaldet av giftstoff, vil det bli brukt kjemikal i utvinningsprosessen. Sidan den endelege prosessen ikkje er kjend, er Fiskarlaget redd for kva den endelege lista over kjemikal kan bli.

Lita endring – stort utslepp

Sydvaranger Gruve er eit døme på at små endringar i prosess, fører til store endringar i utslepp.

Nyleg har Sydvaranger Gruve støtt på ein type malm som gjer at prosessen må endrast. Det har ført til ein søknad om å doble utsleppet av flokkuleringsmiddel. Ein type kjemikal som det skal brukast ein variant av i Førdefjorden, for å få massen til å samle seg og søkke til botnen.

Mattryggleiken ikkje vurdert

Fiskarlaget har dei siste fire åra også bedt om at mattryggleiken må greiast ut. I brevet sitt skriv dei at verken mattilsynet eller nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking har fått tilgang til all naudsynt kunnskap om gruveavfall og kjemikal, slik at dei kan gjere reelle vurderingar for mattryggleik.

Dei meiner at det bør vere eit krav for samfunnsøkonomiske analysar, at sjømatnæringa, mattryggleik og fjordmiljø blir vurdert. I brevet skriv dei:

– Sjølv om prosjektet kanskje er lønsamt for investorane, er det aldri sannsynleggjort at tiltaket er samfunnsøkonomisk lønsamt. Sannsynlegvis vil det på sikt vere ulønsamt for samfunnet som heilskap.

Artikkeltags