Fire timar søvn i døgnet

LIV OG LØYE: Når det er folksamt blir det som oftast også mykje liv, ikkje minst på kysten. Her er det full allsang ombord i MS Atløy før den legg frå kai for å frakte folk tilbake til Flokeneset på ettermiddagen laurdag.

LIV OG LØYE: Når det er folksamt blir det som oftast også mykje liv, ikkje minst på kysten. Her er det full allsang ombord i MS Atløy før den legg frå kai for å frakte folk tilbake til Flokeneset på ettermiddagen laurdag. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

- Dette har vore ein folkefest

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Leiaren av Fjordsteam 2010, Sander Ødelien, har berre hatt tid til å sove fire timar i døgnet mens Florø har stått på hovudet under arrangementet.

Folk har strøymt til frå store deler av fylket for å få med seg det store innsiget av veteranskip, eldre redningsskøyter, ei mengd skøyter og agentbåtar, veterane brannbilar og bussar, 150 veteranbilar, Bondens Marknad, torghandlarar, konsertar, revy, turar og masse liv og røre. Tre-fire dagar til ende, frå torsdag til søndag.

Slitne

- No er vi slitne, seier Ødelien til Firda søndag føremiddag, mens oppbrotet er i gang og ein del rydding står att.

Men det har vore verdt jobbinga, forsikrar han.

- Dette har vore ein folkefest. Ifølgje lokalkjende har det aldri vore meir menneske samla i Florø-gatene nokon gong, fortel Ødelien.

Faktisk vert det snakka om 10 000 menneske.

Vêret klaffa

Og alt har gått knirkefritt. Til og med vêret har klaffa, seier Ødelien som kunne konstatere at dei første regndropane først kom søndag.

Han er heller ikkje bekymra for økonomien.

- Dette blir ikkje eit nytt Måløy. Fjordsteam har eit budsjett i Florø på 140 000 kroner. Resultatet blir pluss/minus 5000 - 10 000, men eg hallar til at det blir eit lite overskot.

- Det vil vi dele ut att til båtar som ikkje har fått det dei skulle, seier Ødelien.

Sognefjorden neste

Søndag går ferda vidare inn Sognefjorden for fire av veteranbåtane.

Artikkeltags