Gå til sidens hovedinnhold

Fire redda frå brann i Svelgen

Artikkelen er over 17 år gammel

Ei mor fekk redda seg sjølv og tre små barn då ho tilfeldigvis vakna og kjende røyklukt i huset.

-Mora høyrde ein gjenstand falle i golvet og vakna. Då kjende ho røyklukt og fekk redda ut seg sjølv og dei tre barna sine i alderen eitt til fem år. Dei har vore veldig heldige, seier politibetjent Espen Gulliksen.

Brannen vart oppdaga litt før klokka åtte måndag morgon, og brannmannskap fekk raskt kontroll over han.

-Leilegheita er ikkje totalt utbrent, men den er totalskadd av røyk. Det er mogleg å leite seg fram til ein arnestad, og etter merka på veggene ser det ut som brannen starta i stereobenken. Vi trur at den har ein teknisk-elektrisk årsak.

Fire kattungar døydde i brannen, men ingen personar vart skada.

-Dette kunne gått mykje, mykje verre. Familien er fysisk uskadd, men dei er klart prega av brannen. Dei har mista alt dei eigde, alle eigendelane deira er øydelagd av røyk, seier Gulliksen.

Leilegheita ligg i ei rekke av sju samanhengande hus. Det har vore mykje røyk i området, men ingen av dei andre husa er røykskadd.