Fire ras på sju kilometer - tre veker før vegen opnar

RAS: Først gjekk det eit steinsprang her, så kom styrtregnet som losna eit jord- og steinras.

RAS: Først gjekk det eit steinsprang her, så kom styrtregnet som losna eit jord- og steinras. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein knapp månad før milliardprosjektet Dalsfjord­sambandet i Fjaler og Askvoll skal opne, vart vegen mellom Otterstein og Eikenes ramma av fire ras på eitt døgn.

Nyvegen frå Eikenes til Otterstein vart sett på ein uventa prøve under ekstremvêret sist fredag. Fasit vart eitt steinsprang og tre ras som kvar for seg ville stengt ein veg om han hadde vore opna, på ei strekkje på sju kilometer.

Må grave opp att vegbana

Like innanfor Otterstein-tunnelen, som er den første ein kjem til etter brua, dukka det første problemet opp.

– Her har vi mura opp ein leidemur som samlar fleire småbekkar inn i eitt avløyp, der det går eit røyr med 400 mm diameter under vegen. Det viste seg å vere for trongt. Fredag rann det over, og etter kvart vart det til ei elv som vaska ein del masse opp frå grøfta og ut i vegbana, seier byggeleiar Arne Strand i Statens vegvesen.

– No skal vi grave opp att vegbana og legge ned eit nytt røyr, som skal ha ein diameter på 800 mm. Då skal det halde, meiner han.

Steinsprang og jordras

Ein knapp kilometer lenger ute i fjorden gjekk det eit steinsprang rett før uvêret braka laus.

– Då gjorde eg avtale om at ein geolog skulle komme her og synfare i dag. Går det steinsprang, skal sleppsona alltid undersøkjast.

Men før geologen kom på plass, gjekk det eit jordras på nøyaktig same staden, som blokkerte vegbana.

– Teorien er at steinspranget skapte sår i terrenget der dei ekstreme vassmassane fekk tak, og så losna raset, seier Strand.

Ved utgangen av Dalsfjordtunnelen, på Eikenes-sida, gjekk neste ras. Stein og jord losna i fjellsida over tunnelopninga og rasa ned på tunnelportalen. I går jobba fjellklatrarar frå DS Ras- og Fjellsikring med å reinske fjellsida for lause massar og vegetasjon.

Og endeleg, rundt 500 meter frå krysset til Eikenes-kaia, gjekk endå eit jordras og hamna ut i vegen.

Kan ikkje garantere trygg veg

– Vil bilistane vere trygge, når vegen opnar?

– Det er umogleg å garantere noko. Men det eg kan garantere, er at vi har gjort alt som står i vår makt for at det skal vere trygt. Vi har sett opp 8000 kvadratmeter isnett, vi har støypt inn bekkar, vi har sett opp fanggjerde der det er fare for steinsprang, vi har lagt erosjonsnett i sårkantar i jordskråningane, og vi har reinska og spylt lausmasse. Men heilt trygt vil det aldri vere. Vi er trass alt på Vestlandet, avsluttar Strand.

Artikkeltags