Firda Billag kjøper Fjord1 Transport

Administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag.

Administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Vert eit av dei største godsselskapa på Vestlandet.

DEL

Samla får selskapa rundt 300 millionar kroner i omsetnad, 180 godsbilar og rundt 270 tilsette.

- Dette er to aktørar som passar godt saman aktivitetsmessig, og som utfyller kvarandre på kompetansesida, seier administrerande direktør Peter Midthun i Firda Billag AS i ei felles pressemelding frå Fjord1 og Firda Billag.

Fjord1 hadde fleire interessentar i salsrunden, og valde Firda Billag på grunnlag av eit godt økonomisk tilbod, vilje til å satse på godstransport og nytte Fjord1 sin kompetanse i denne satsinga.

- Konkurransesituasjonen på godsområdet vil auke. Vi er glade på vegner av våre medarbeidarar at Fjord1 Transport får ein eigar som vil satse betydelege ressursar på å vidareutvikle selskapet, seier konsernsjef Leif Øverland i Fjord1.

I dag tilbyr Firda Billag i samarbeid med DB Schenker eit totaltilbod innan godstransport lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Frå terminalen i Førde har selskapet også daglege distribusjonsruter til mange stader i Sogn og Fjordane.

Fjord1 sin godsaktivitet har fram til i dag vore samla i Fjord1 Transport AS. Selskapet har hovudkontor i Ålesund, med driftsavdelingar i Stryn, Kaupanger og Otta.

Selskapet sine transporttenester vert utført av vel 123 godsbilar med basis i avdelingane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland fylke. Trafikken går over heile landet og til Sverige og Finland.

Artikkeltags