Førde kommune og vegvesenet har fått inn 114 meldingar på nettstaden «fiksgatami.no». Her kan innbyggarane registrerere meldingar om tilstanden langs vegane i kommunen.
Her blir det meldt om slagholer, manglande gatelys, trafikklys, feiing, snøbrøyting, skilting, tagging, glatte vegar og liknande.
- Ekstern lenke: fiksgatami.no
Nyttige tilbakemeldingar
Leiar for teknisk drift i Førde kommune, Bernhard Øberg, set pris på dei tilbakemeldingane som kjem inn.
– Vi har ikkje kapasitet til å oppdage alle moglege tilhøve ute på vegane våre. Når vi får tips prøver vi å utbetre det vi kan innanfor dei økonomiske rammene vi har, seier Øberg.
Systemet gjer det lettare å få eit overblikk over kva som må gjerast, også av større tiltak, sjølv om dette ikkje kan gjerast innanfor vedlikehaldsbudsjettet.
– Om det kjem mange meldingar om problem på ei strekke kan vi danne oss eit bilde av tilstanden til dei ulike vegane, seier Øberg.
Tilbakemeldingane dine kan altså bidra til at vegstrekka di blir prioritert neste gong det skal gjerast større vedlikehaldsarbeid.
Vinteren er høgsesong
Det er ikkje så mange som brukar tenesta, framleis kjem det flest meldingar over telefon.
Sidan starten er det berre komme inn 114 meldingar. Øberg håpar at fleire kan begynne å bruke nettenesta.
– Det er det beste verktøyet vi har for å få registrert ting raskt, seier han.
Dei som brukar tenesta gjer det for det meste om hausten og vinteren. Då er det også vanlegvis meir å melde frå om.
– Når det blir mørkare, og når snøen kjem, kjem det ein del meldingar om gatelys, strøing og snøbrøyting, seier Øberg.
– Bruk 175
Seksjonsleiar i Statens vegvesen Margot Aasebø får også meldingar gjennom «fiksgatami.no».
– Det er heilt fint for småting, men om det er tilhøve på vegane som er trafikkfarlege, bør det ringast inn til 175. Telefonen er døgnbemanna og kan kalle ut mannskap, seier ho.