Fem kontinent på ein dag - no er han i Guinness rekordbok

Gunnar Garfors frå Naustdal har vitja alle verdas land. No er han i Guinness rekordbok for å ha vitja fem kontinent på ein dag.

Gunnar Garfors frå Naustdal har vitja alle verdas land. No er han i Guinness rekordbok for å ha vitja fem kontinent på ein dag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Gunnar Garfors frå Naustdal i Sunnfjord, kjend for å ha greidd bragda å vitje alle land i verda, har no hamna i Guinness rekordbok.

Les også: No har Gunnar (37) sett heile verda

Rekorden har han fått for å vitje fem land på fem kontinent berre ved hjelp av rutegåande transport. Dette greidde han i 2012, saman med britiske Adrian Butterworth og produksjonsselskapet Adelia Television som laga dokumentarfilm av rekorden.

– Eg hadde nesten gløymt det heile då Guinness rekordbok sin sjefsredaktør Craig Glenday tok kontakt. Dei hadde omsider gått gjennom bevisa og offisielt godkjent verdsrekorden. Dette skal sjølvsagt feirast. Eg skal til Dublin på søndag, så der vert det nok eit beger med Guinness, seier Garfors i ei pressemelding.

Nyleg godkjent

Rekorden vart gjennomført i 2012, men vart først godkjent på måndag.

Vi er nøgde med å kunne stadfeste at de har oppnådd ein ny GUINNESS WORLD RECORDS-tittel for «flest verdsdelar vitja på éin kalenderdag», skriv Guinness rekordbok i ein epost.

Slik omtalar Guinness rekorden (oversett frå engelsk):

«Gunnar Garfors (Noreg) og Adrian Butterworth (Storbritannia) vitja fem verdsdelar på ein kalenderdag ved å nytte rutegåande transport mellom austsida av Istanbul i Tyrkia (Asia), Casablanca i Marokko (Afrika), Paris i Frankrike (Europa), Punta Cana i Den dominikanske republikk (Nord-Amerika) og Caracas i Venezuela (Sør-Amerika) den 18. mai, 2012. Heile turen tok 28 timar og 25 minutt, men skilnadar i tidssonene gjorde at Garfors og filmdokumentarskapar Butterworth klarerte tollen i kvart land på same dag.»

Skriv bok

Garfors, som frå før har besøkt alle verdas 198 land, og er den yngste som har greidd dette, arbeider no med å skrive bok om både den ferske Guinness-rekorden og dei øvrige landa.

Artikkeltags