Fellingslaget send på jakt

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Samstundes falsk bjørnealarm i Fjærland

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Etter at bønder fann to opprivne sauekadaver i Borgund vart det slått full alarm. Til no er det funne 5 kadaver i Lærdal.

Håkon Øydvin i Statens Naturoppsyn kan bekrefte at det er bjørn som har tatt sauene.

Allereie på jakt
Måndag ettermiddag kom fellingsløyvet frå fylkesmannen, og Fellingslaget for store rovdyr i Sogn og Fjordane gjekk rett på sak.

Då Firda tok kontakt med fellingsleiar, Finn Olav Myhren, var dei allereie ute i skogen.
– Vi reiste i to-tre tida, så snart vi fekk oppdraget. No er vi i planleggingsfasen, seier Myhren.

Truleg vil bjørnejegerane halde på til langt på kveld og kanskje utover natta.

– Kor mange er med på jakta?
– Førebels er ikkje alle like aktive, men vi er vel mellom åtte og ti personar, seier Myhren.

Om det kan vere fleire enn ein bjørn i Lærdal har han ingen meining om.

Falsk alarm
Tidlegare på dagen kom ein turgåar tilfeldigvis over eit sauekadaver som var eten av, i Mundalsdalen i Fjærland, og han tok kontakt med rovviltkontakt i SNO, Einar Fortun.

Fortun tok igjen kontakt med grunneigar som kunne fortelje at sauen hadde døydd av sjukdom.

- Mest truleg var det rev som hadde ete av sauen i etterkant, seier Fortun.

Artikkeltags