Fekk ryggen knust av oksar

- Eg var utruleg frustrert. Eg var så sjuk at eg ikkje greidde å gå heimanfrå og bort til fjøsen ein gong, seier Karina om dei få metrane frå huset til fjøsen.

- Eg var utruleg frustrert. Eg var så sjuk at eg ikkje greidde å gå heimanfrå og bort til fjøsen ein gong, seier Karina om dei få metrane frå huset til fjøsen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Karina Hetle Solheim skulle eigentleg vore ufør, i staden skapte ho sin eigen drøymejobbb etter å ha falle ned i ein oksebinge.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Karina Hetle Solheim ser utover Fosseheimen Naturpark som ho og mannen Ståle Hetle har opparbeidd til å bli ein mykje besøkt og populær 4H-gard. Det har vore ei fantastisk reise. Mot alle odds. For eigentleg skulle Karina vore ufør. I staden viser ho oss rundt på eit praktfullt anlegg. Ut av jakkelomma stikk føtene og stjerten til ei sovande due.

Sjølv kvitrar Karina om kapp med dei mange fuglane på garden, som ligg vakkert omkransa av ei elv i Fosseheimen. Vi er i Eldalsdalen, gode 45 minutt frå Førde, retning Gaularfjellet.

Oksar knuste ryggen

For nokre år sidan fall Karina ned i oksebingen. Møtet med tunge oksar og hard betong blei dramatisk.

– Eg øydela meg i ryggen. Seks virvlar blei øydelagde, fortel Karina, medan vi ruslar forbi glade høner og geiter som solar seg i haustsola.

Sidan fekk ho også diagnosen ME, kronisk utmattingssyndrom.

– Eg var utruleg frustrert. Eg var så sjuk at eg ikkje greidde å gå heimanfrå og bort til fjøsen ein gong, seier Karina om dei få metrane frå huset til fjøset. Heller ikkje å køyre den vesle halvtimen til kommunesenteret Sande for å få behandling var mogleg å gjennomføre for Karina.

– Det såg heilsvart ut.

– Eg syntest at det var trasig. Det var ein vanskeleg periode, seier Karina alvorleg, og ser bort på lamaene Geir og Kenneth medan ein skugge fer over det elles så smilande andletet.

Sjølv fleire år etter hugsar ho framleis godt kjensla av å vere fanga i eit system der ho følte seg liten og verdilaus.

– NAV var ingenting for meg. Eg er så glad i å jobbe at då var det å setje seg ned å finne ut kva eg ville drive med om eg skulle døy i morgon.

Vendepunktet kom på eit kurs med coachen Gry Sinding, «skap din drøymejobb». Karina lærte mykje på kurset, som ho tok med seg på reisa frå sjuk til frisk:

– Det å vere sjuk, og å vere ganske frustrert, men å tore ta sjansar likevel, seier Karina som valde å hoppe i det.

Fekk ikkje støtte

Håpet til Karina har blitt ein vaken draum, trass i at Innovasjon Norge som hadde lite tru på prosjektet til Karina og mannen Ståle, avslo begge søknadene om støtte til å realisere draumen.

– Kom, så skal eg vise dykk «Bedringens veg», seier Karina entusiastisk på klingande nittedalsdialekt.

Og vi ruslar forbi store og små hestar. Gjæser som vert i ekstase når vi nærmar oss. Dua derimot, kviler framleis trygt i lomma medan gjæsene gassar seg med ein ekstra neve med godbitar.

– Her skal vi bygge på og lage stallrom, fortel Karina litt i same andedrag.

Opnar kunststi

Utanfor huset som fungerer som matsal og opphaldsrom for leirdeltakarar, står flotte treskulpturar og ventar.

– Vi skal opne noko som er heilt nytt 1. juni, ein kunststi som heiter «Bedringens veg». Desse skal utplasserast langs stien.

Der skal også den kjende skulpturen «ME&you-handa» som stod utstilt på Stortinget for å samle inn pengar til ME-aksjonen stå.

– Eg hugsar kor håplaust det var då eg låg og ikkje orka noko, så eg kjende at eg måtte gjere noko for å skape blest om aksjonen, forklarer Karina, som difor fekk Arne Askeland til å lage skulpturen ME&you.

At det er akkurat kunstverka til Arne Askeland som vert å finne i løypa, er ikkje tilfeldig. For Askeland er også coach og har rettleia Karina gjennom hennar sjukdom og på hennar veg mot betring.

Ei «ønskedue»

Tilbake på «betringsvegen» tek Karina dua opp av lomma. Den er van med det. For barn som vitjar garden får nemleg litt ekstra hjelp av duene.

– Dei må setje seg eit mål eller ønske seg noko, og kviskre dette til dua. Så tek dua med seg ønska opp til himmelen, seier Karina, og legg til at dei også kan ta med seg bekymringar, før ho slepper dua av garde. Sola glitrar i dei kvite vengjene i det dua forsvinn, og det er lett å skjøne at dette kan virke magisk for borna.

Å nå ein draum

Kva Karina ønskte seg, får vi ikkje vite. Men ho røper litt om korleis det er mogleg å nå ein draum.

– Eg set meg mål. Dei måla skal eg nå. Men eg seier det ikkje til nokon før eg har komme godt på veg.

For det å halde fast på det ein trur på, er ein viktig del av suksessen til ekteparet. Det har ikkje skorta på meiningar om kva som ikkje er mogleg å få til, og kva ein bør ha.

– Eg har vore tru mot mine eigne idear, og eg har nesten vore «litt stabeis». Vi lever av dette her no, begge to, seier Karina fornøgd.

Sel sjela

Mannen hennar, Ståle, har også starta sitt eige firma i tilknyting til Fosseheimen Naturpark. No skal dei til å tilsetje folk.

– Vi jobbar for seks stykke. Ryggen må eg berre leve med. På dårlege dagar fungerer eg svært dårleg. Men om eg kjem i sving i 15-tida, så jobbar eg til 12 om natta, forklarer Karina.

Men det er litt vanskeleg å tilsetje folk som skal jobbe med livsverket. Dei har lagt så grådig mykje av seg sjølve i prosjekta dei har valt å satse på.

– Det er sjela vår vi sel her, smiler Karina. Heldigvis har dei god støtte i borna Christoffer, Lars Marius og Marte som hjelper til både inne og ute på garden.

Fleire løyndommar

Det er ikkje den einaste løyndommen til ekteparet. Dei har også sin eigen handlingsregel, som kanskje mange kommunar så vel som privatpersonar kan dra nytte av:

– Vi har aldri tatt opp lån. Alt overskot av prosjekta går inn att i garden. Og vi startar ikkje med noko om vi ikkje verkeleg ønskjer å ha det. Om prosjektet då går skeis, så har vi i alle fall skapt noko som vi set pris på sjølve, seier Karina, om strategien bak dei 3–4 millionane som har gått med til å bygge opp anlegget.

– Vi har store planar, seier Karina og ser utover eigedommen, før ho demonstrerer at ho ikkje røper ideane før dei er godt på veg gjennomførte. Eit lite hint gjev ho likevel.

– Vi bur på ei øy. Snart må vi gjere noko for å kunne ta imot endå fleire, seier Karina lurt.

Verdfull jobb

Når ein sjølv har vore sjuk, og kjent kor vondt det er å ikkje kunne jobbe frå klokka åtte til fire, så gløymer ein ikkje det.

– Eg var i NAV-systemet i tre år. Då dei spurte meg om å bruke 4H-garden vår som samarbeidspartnar, sa eg ja med ein gong, seier Karina engasjert. Prosjektet er ikkje komme i gang enno, men intensjonen er klar:

– Her kan du komme når klokka er 14, gjere ein jobb og føle at du er verd noko. Det blir så spennande, seier Karina, som trur at dette vil gjere det lettare for dei sjuke å jobbe seg tilbake i arbeidslivet samtidig som dei får samla krefter.

Fekk feil diagnose

Sjølv streva ho lenge med ME-diagnosen før legane fann at dei hadde tatt feil og at det eigentleg var posttraumatisk stressyndrom som feilte henne.

– Hadde eg hatt ein plass der eg kunne ha jobba meg opp og funne att kreftene ... Karina let setninga henge i lufta. Seinare har Karina møtt att sakbehandlaren ho hadde på NAV, som rosa Karina for at ho greidde å skape sin eigen arbeidsplass sjølv om ho var sjuk.

– Det er godt å høyre at eg er eit godt eksempel på at det er mogleg å få det til, seier Karina.

Glede ved meistring

Det er nesten heilt stille. Men berre nesten. Ein kjem aldri så langt unna at ein ikkje høyrer nokon av dyra som er på garden. For etter kvart som Karina og Ståle har utvikla garden med stadig nye prosjekt, har nemleg dei 250 sauene fått selskap av 250 dyr til, fordelt over 16 dyrerasar frå små grisar, geiter til hestar og lamaer.

– Vi har mange forskjellige hestar og dyrerasar fordi at dei som kjem hit er på ulike nivå. Det er viktig at alle skal få kjenne meistring og å kunne gjere noko heilt anna. Opplevinga av å meistre er veldig viktig for meg. Det er difor eg trur folk kjem tilbake hit; dei får ein tryggleik og nærleik til det å meistre, seier Karina.

Sjølv har ho i ei årrekkje vist at ho har viljen, og at ho kan. Resultatet har blitt Fosseheimen Naturpark. Denne helga er ho difor nominert som kandidat i konkurransen årets gründer, som alt Alt for damene arrangerer på Geilo.

Artikkeltags