For nokre dagar sidan kom Svein Hjelmeset over ein hoggorm som var ute og sola seg i Sandane.

Då hadde han ikkje med seg anna fotoutstyr enn kameraet som er på mobiltelefonen.

Tysdag skein sola igjen på Sandane. etter fleire dagar med styrtregn. Då var Hjelmeset raskt på plass på staden der han hadde lokalisert hoggormen.

Fekk full klaff
- Sidan hoggormen er stadbunden og treng å nytte dei solgløtta som er for å samle energi, visste eg at det var stor sjanse for å komme over same hoggormen på tysdag, seier Hjelmeset.

Han fekk full klaff med turen, og denne gongen hadde han med seg skikkeleg fotoutstyr.

Hjelmeset fekk ormen opp på ein pinne og fekk både studert og teke bilete av kor smidig krypdyret er.

- Eg er imponert over kor sterk ormen er i kroppen, og er også godt nøgd med å ha fått teke bilete av korleis ormen brukar tunga for å orientere seg, seier Hjelmeset.

Sette kurs mot handa
Han fortel at han vart så engasjert i fotograferinga at han heldt på å gløyme seg heilt bort.

- Ormen sette kurs mot handa mi, men heldigvis veit eg kor fort han bevegar seg. Det var svært lærerikt for meg å sjå på nært hald korleis ormen oppførte seg, seier Hjelmeset.

Han har ikkje sett så mykje orm elles i år, og minnar om at hoggorm er ein freda skapning som står på raudlista.

Hjelmeset legg ikkje skjul på at han var litt ekstra på vakt då han skulle plukke tytebær etter fotoseansen var over.

- Eg fekk ein tynn kvist i bærplukkaren, og då skvatt eg til slik at eg kasta ut halve spannet med tytebær, seier Hjelmeset.