Fekk inn dobbelt så mange uromeldingar

Førde og Gaular barnevern: Bak f.v. Ove Mjåtveit, einingsleiar, Bjørn Ove Langlo, Mette Skarsberg, Oline Grodås, Vigdis Lunde, Dag Håkon Storaker.Framme f.v.: Tone Otterlei, Gry Ingjerd Øksendal, Tonje Leiknes, Idun Camilla Mjåseth, Kari Klopstad, Therese Kleive Veimo. Følgjande var ikkje til stades: Nina Bjørvik, Monica V. Hafstad, Kjersti Øverlien, Gro T. Selstad og Knut Johansen

Førde og Gaular barnevern: Bak f.v. Ove Mjåtveit, einingsleiar, Bjørn Ove Langlo, Mette Skarsberg, Oline Grodås, Vigdis Lunde, Dag Håkon Storaker.Framme f.v.: Tone Otterlei, Gry Ingjerd Øksendal, Tonje Leiknes, Idun Camilla Mjåseth, Kari Klopstad, Therese Kleive Veimo. Følgjande var ikkje til stades: Nina Bjørvik, Monica V. Hafstad, Kjersti Øverlien, Gro T. Selstad og Knut Johansen Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Barnevernet i Førde og Gaular: -Folk er flinkare til å melde ifrå

DEL

Barnevernet i Førde fekk i 1. halvår inn dobbelt så mange uromeldingar som i 1. halvår i fjor.

Talet auka frå 32 til 64, opplyser Oline Grodås som er konstituert fagleiar ved Førde og Gaular barnevern. Sistnemnde kommune hadde ingen slik auke 1. halvår.

Meir synleg

Ho trur ikkje årsaka ligg i at Førde-samfunnet har endra seg så mykje som dette kan tyde på.

– Forklaringa er nok at folk har blitt flinkare til å melde ifrå, også privatpersonar. Folk bryr seg meir, seier Grodås og legg til at dei fleste uromeldingane framleis kjem frå offentlege instansar.

– Eg trur auken også skuldast at barnevernet har blitt meir synleg, seier Idun Camilla Mjåseth.

For seint

Barnevernet i Førde har hatt fire år med fristbrot, men sidan november i fjor har dei klart å vere à jour. Men auken i saker legg press på etaten. No blir det jobba overtid for å ta unna alt.

– Barnevernet kjem ofte inn for seint. Vi vil inn så tidleg som råd er, for då er sjansen for å lykkast i den opphavlege familien mykje større, seier Grodås og fortel at dei i neste veke skal ut i barnehagane i Førde og Gaular for å snakke om barnevernet sitt arbeid.

- Avhengig av folk rundt oss

– Som saksbehandlarar sit vi inne på kontora våre, og vi er heilt avhengig av alle rundt oss som har med ungar å gjere: skular, barnehagar, naboar, politiet og helsestasjonen. Dei er første steget, seier Oline Grodås.

Artikkeltags