Fekk hjelp av snille jølstringar

Takksame: ? Sjølv om dette var uflaks, så trur eg også at det var sjebnen som ville at vi skulle få møte slike hyggelege og hjelpsomme menneske her, seier Natalija Sergeeva. Alle foto: Solveig Avelsgaard Lien

Takksame: ? Sjølv om dette var uflaks, så trur eg også at det var sjebnen som ville at vi skulle få møte slike hyggelege og hjelpsomme menneske her, seier Natalija Sergeeva. Alle foto: Solveig Avelsgaard Lien Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Jølster: Dei er litt forkjølte, men mest av alt takksame for all gjesfridomen dei har opplevd.

DEL

– Vi hadde begynt å fryse litt då desse gode menneska banka på og spurte om vi ville overnatte hos dei, seier Natalija Sergeeva.

Det russiske ekteparet i starten av 60-åra hadde berre nokre kilometer att av reisa då traileren deira sklei ut av vegen og hamna i grøfta på E39 ved Langhaugane i Jølster midt på dagen tysdag.

– Vi skulle levere lasten på Bruland, så det var ikkje langt igjen, smiler Jurij Sergeev oppgitt.

Det var Kamilla Aasen og Dag Inge Bøe som redda trailersjåføren og kona, som var reisefølge, frå ei veldig kald natt i grøfta.

– Vi køyrde forbi seint onsdag kveld og såg traileren som låg heilt nedsnødd i grøfta. Vi stoppa og fekk høyre at det oppheldt seg to personar inne i traileren, og vi kunne jo ikkje la dei vere der, seier Dag Inge Bøe.

No sit det russiske paret i ei varm stove i Jølster og pleier ei lett forkjøling med kaffi og klementinar. Men i over eitt døgn sat dei inne i førarhuset på den velta traileren.

Sov ståande

– Det gjekk fint det første døgnet, for då verka framleis varmesystemet i bilen. Men onsdag kveld var det slutt på varmen, forklarer Jurij.

Kona fortel at dei la puter og dyner i den nedste enden av det sterkt skrånande førarhuset og greidde å få seg litt søvn mens dei venta på å bli berga.

– Søvnen kjem berre du er trøytt nok. Vi sov halvt ståande, seier Natalija.

Ekteparet hadde fått hjelp av ein forbikøyrande til å varsle politi og bergingsselskap, så dei trudde heile tida at det snart skulle komme nokon å dra traileren deira opp på vegen igjen slik at dei kunne køyre vidare.

– Vi trudde bergingsbilen skulle komme onsdag kveld klokka 21, forklarer Natalija.

Men då klokka nærma seg midnatt skjønte dei at ingen ville komme og få traileren tilbake på vegen den kvelden heller. Då var det lett takke ja til tak over hovudet og ei varm seng hos familien i Jølster.

Arbeidsgjevars ansvar

Arild Tistel ved Førde bilberging fortel at han hadde veldig mykje å gjere på grunn av snøen og dei glatte vegane tysdag.

– Traileren frå Russland vart ikkje prioritert fordi han ikkje hindra trafikken der han låg ute i grøfta, seier Tistel.

Han legg til at det ikkje er bilbergingsselskapet sitt ansvar å ta seg av sjåføren.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme, seier at dette heller ikkje er politiet sitt ansvar.

– Så lenge ikkje sjåføren er skada, er det ikkje politiet si oppgåve å ta seg av han. Det er arbeidsgjevar som må sørge for at sjåføren får den hjelpa og informasjonen han treng, seier ho.

Fredag hadde det framleis ikkje lukkast Jurij Sergeev å få kontakt med arbeidsgjevaren sin i Russland. No håpar han og kona at dei rekk seg heim til nyttårsfeiring i St. Petersburg.

"Vi er så takksame for all hjelpa vi har fått.

Jurij Sergeev

Trailersjåfør

Artikkeltags