Fekk både ros og Målros-pris

Janne Nygård fekk Jølster mållag sin Målros for 2013.

Janne Nygård fekk Jølster mållag sin Målros for 2013. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Reiste frå Oslo til heimbygda for å motta lokal nynorskpris.

DEL

Under bokdagen på Jølster søndag fekk Janne Nygård utmerkinga Målros 2013. Utmerkinga fekk ho for hennar store engasjement for nynorsken gjennom mange år.

Den Nynorsk-engasjerte prisvinnaren hadde teke turen frå Oslo for å kunne vere til stades i heimbygda og ta imot prisen, til glede for Jølster mållag og leiar Hilde Yndestad Halland.

– Det er jo spesielt er at trass i sin unge alder har Janne oppnådd utruleg mykje, seier Halland, og fortel at prisvinnaren raskt fann vegen inn i mållaget, der nynorskinteressa blomstra.

– Sidan det har ho verkeleg markert seg, både i norsk målungdom, og i mållaget, seier Halland, som er glad for at Nygård kunne ta turen til den årlege bokdagen i Jølster.

– Det set vi utruleg pris på, seier mållagsleiaren.

Utanom Målros-utdelinga var også Ottar Grepstad til stades for å fortelje om biografien sin om Ivar Aasen, samstundes som det var fleire kulturelle innslag på bokdagen.

Artikkeltags