Auksjonsfirmaet Sotheby's i London selde i går Astrup-måleriet «Soleienatt» for 264 000 pund, eller 3,1 millionar kroner. Det er ikkje kjent kven som fekk tilslaget.
Nøgd med prisen
Det var fire som baud på måleriet. Berre ein av dei var til stades i auksjonslokalet, dei tre andre gav bod over telefon.
Sotheby's hadde verdsett måleriet til mellom 250 000 og 350 000 pund. Bodrunden enda i nedre del av denne prissetjinga, men seljaren, Pacific Luthern University i USA, er godt nøgde med prisen.
Til nettavisa The News Tribune, blir det opplyst at pengane skal gå til det skandinaviske kultursenteret på universitetet.
Over peisen
Pacific Luthern University i Tacoma i den amerikanske staten Washington, fekk måleriet i gåve av Neil Anderson i 1999. Det hadde vore i familiens eige i lang tid, og Anderson hadde det over peisen.
Han visste det var eit verdifullt måleri, men korkje han eller universitetet visste kor mykje det var verdt før dei fekk det vurdert.
Astrup laga 13 utgåver av det populære motivet, men for norske Astrup-kjennarar var det ukjent at det eksisterte eit motiv av «Soleienatt» i USA. Astrup-ekspert Øystein Loge kalla det ein sensasjon då det dukka opp i desember 2005.
Leita etter måleriet
Det er langt på veg forretningsmannen Hallvard Viken på Skei si forteneste at det til slutt hamna på auksjon i London.
For fleire år sidan fortalde ein amerikansk reiseleiar til Viken at ho hadde sett eit Astrup-bilete i USA.
Etter lang tids leiting fann Viken og USA-busette Oddvar Huslid fram til måleriet. Det hang då på eit bakrom på universitetet.
Liten verdi
Huslid tok turen for å sjå på måleriet, men dei han møtte på universitetet, kunne ikkje forstå at det var noko å bry seg med, biletet var for dei av ein ukjend kunstnar og av liten verdi.
Men då Huslid fortalde dei at det kunne vere eit verdifullt bilete dersom det var ekte, fekk dei det vurdert. Det vart slege fast at det var ekte Astrup, og at det var meir verdifullt enn dei trudde.
Den høgaste prisen for eit Astrup-måleri er 5,5 millionar kroner. Det var prisen for «Soleie og regnboge» som var seldt på auksjon for nokre år sidan.