Får over ein million ekstra

Liv Signe Navarsete hadde gode nyheiter då ho trefte Hilde Bjørkun på Sunnfjord museum i dag.

Liv Signe Navarsete hadde gode nyheiter då ho trefte Hilde Bjørkun på Sunnfjord museum i dag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Førdefestivalen kan bu seg på jubileumsåret.

DEL

Liv Signe Navarsete og hennar partikollegaer trefte fredag festivalsjef for Førde internasjonale folkemusikkfestival, Hilde Bjørkum, på Sunnfjord museum.

Der kunne kommunal- og regionalministe komme med ein god nyheit.

– I statsbudsjettet neste år ligg det inne ei auke på litt over ein million kroner til folkemusikkfestivalen, seier Liv Signe Navarsete.

Hoppande glad

Det fekk Bjørkum til å juble av glede.

– No vart eg hoppande glad, og litt overrumpla. Det betyr fantastisk mykje for oss, no har vi meir ressursar til å gjennomføre dei planane vi har, og bli betre, seier Bjørkum.

Sidan festivalen vart knutepunktfestival i 2005 ligg det føringar om at 60 prosent av midlane dei får skal komme statleg, medan 40 prosent skal komme frå regionen. Dermed kan festivalen vente seg vel 400.000 får regionen, i tillegg til 1.091.000 frå staten.

– Dette er pengar vi må få inn i budsjettet når vi byrjar på den prosessen på fylkestinget. Pengane kan komme frå både fylkestinget, kommunen eller regionen, seier fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, Ingebjørg Erikstad.

– Andre forstyrrande element

Liv Signe Navarsete understreka at desse midlane har dei raudgrøne bestemt at skal inn i statsbudsjettet.

– Om der ikkje kjem andre forstyrrande element i løpet av hausten, seier Navarsete, og siktar til stortingsvalet om halvannan veke.

– Regjeringa har ei stor satsing igjennom kulturløftet. 150.000 av desse midlane er knytt til markeringa av grunnlovsjubileet. Men hovudårsaka til at dei har fått midlar er at folkemusikkfestivalen har høg kvalitet. Dei har blitt lagt merke til både nasjonalt og utanfor landets grenser, seier Navarsete.

Festivalen har 25-årsjubileum i 2014 og sjefen for det heile fortel at dei er klare for å gyve laus på det kommande året.

– Vi er byrja planane for både kommande år og året etter, dette er sjølvsagt ein god boost før neste år. No har vi betre rammer inn mot festivalen, seier Bjørkum.

Artikkeltags