Gå til sidens hovedinnhold

- Får lengste akuttvegen i Norge

Artikkelen er over 11 år gammel

- Lokalmedisinsk senter er ikkje godt nok for oss.

- Vi må ha eit lokalsjukehus. Det er ikkje godt nok for oss med eit lokalmedisinsk senter, sa Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus då heldt innlegg under dialogmøtet med helseministeren.

Ho trekte fram at Sogn og Fjordane er eit heilt spesielt fylke når det gjeld avstandar.

- Dersom modell 1 blir realisert, med sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter, og ein mister akuttberedskapen i Lærdal, vil dei som bur i Årdal få det som kanskje er den lengste vegen til akuttberedskap i Norge. Det er 17 mil frå Årdal til Førde, sa Øien Hauge.

Ho understreka at Forsvar Lærdal sjukehus ikkje er motstandar av sentralsjukehuset, men for to lokalsjukehus i tillegg.

Øien Hauge trekte fram fleire eksempel på fødslar som ikkje hade gått bra dersom det ikkje hadde vore eit lokalsjukehus i Lærdal.

Kommunejordmor Rigmor Chruickshank i Årdal, kunne utfylle dette biletet. Ho fortalte at etter hennar registreringar vil kvar sjuande årdøl bli fødd i ein ambulanse dersom tilbodet i Lærdal forsvinn.