Får ikkje skule-<br/> bøker på nynorsk

Artikkelen er over 14 år gammel

Elevar på vidaregåande får ikkje alle skulebøkene på nynorsk. Nokre bøker kjem langt utpå hausten, medan andre ikkje blir trykt på nynorsk.

DEL

– Slikt opplever vi ofte. Nye utgåver kjem seint på nynorsk eller ikkje i det heile, seier mekanisk-lærar Rune Nødset på Øyrane vidaregåande.

Ventar eitt år

– Eg har teke konsekvensen av at forlaga er for trege med nynorskutgåva. Derfor tek eg ikkje i bruk den siste utgåva av lærebøkene før etter eitt år, fortel Nødset.

Men andre lærarar på den same linja har sett opp skulebøker som ikkje finst på nynorsk enno.

Juss, kokk og mekanisk

Johannes Fleten på Førde Interbok opplyser at oppgåveboka i rettslære for allmenne fag ikkje kjem på nynorsk. Det gjer heller ikkje den viktige boka «Råstofflære» for kokke-elevane.

– Forlaget seier at dei ikkje kjem til å trykkje boka på nynorsk før dei får økonomisk støtte til det, seier Fleten.

På mekaniske fag er boka «Tegning og tegningslesing» vesentleg. Den kjem ikkje på nynorsk før langt utpå hausten.

Likevel meiner Fleten at situasjonen har komme seg mykje dei to-tre siste åra. Dei aller fleste skulebøkene finst i begge målformer.

Jobbar med saka

Rektor Marta Sofie Vange fortel at ho har gripe tak i problemet.

– Eg meiner dette er ein viktig kamp, og eg krev at elevane skal få byte bokmålsbøkene inn i nynorskutgåver når dei er ferdige, seier Vange.

Frå rektoren på Hafstad vidaregåande lukkast det ikkje Firda å få ein kommentar i går.

Artikkeltags