Gå til sidens hovedinnhold

Får ikkje sjokkskade-erstatning etter dødsulykke

Artikkelen er over 11 år gammel

Ein mann i Nordfjord som mista kona og stesonen i ei trafikkulykke, får ikkje erstatning for sjokket som dødsulykka påførte han.

Det har Fjordane tingrett bestemt.

Dei tre attlevande borna får derimot utbetalt 224 000 kroner kvar frå Gjensidige Forsikring, i erstatning for framtidig tap som følgje av at dei miste mora.

Kolliderte med tankbil

Det er ei svært trist og dramatisk hending som råka familien i Nordfjord i mai 2003. Kona til saksøkjar og hennar to eldste born var på veg heim langs E6 i ein bubil saman med andre familiemedlemmer, då dei kolliderte med ein tankbil ved Hamar.

Meiner han vart sjokkskadd

Den attlevande ektemannen venta heime, og måten han fekk melding om ulykka på og dei påfølgjande timane der han reiste til Hamar og Oslo og tok farvel med kona og sonen, meiner han har medverka til at han ikkje har vore i stand til å komme tilbake i arbeid etterpå.

Mannen sa i retten at han vart sjokkskadd og arbeidsufør som følgje av dette. Han er innvilga mellombels uførepensjon med uføregrad på 100 prosent fram til utgangen av september 2011.

- Ikkje forsikringselskapets skuld

Retten tvilar ikkje på at mannen har fått store vanskar som følgje av ulykka, men konkluderer likevel at han ikkje hadde slik nærleik til ulykka at han kan reknast som direkte skadeliden som følgje av dette:

- Når mannens reaksjonar etter ulykka har blitt så alvorlege og langvarige, meiner retten at dette er ein følgje av ulykka som ikkje bør overførast på forsikringsselskapet, heiter det i dommen.

Retten legg til grunn at det er arbeidet i heimen og omsorga for borna som har tappa mannen for krefter, slik at han ikkje har fått bearbeidd si eiga sorg, og at dette har ført til depresjon og uførheit i høve til arbeidslivet.